Eg vil gjerne oppklare ein del mytar om at vindkraft vert subsidiert og at private investorar tener rått på dette. Subsidieordninga på dette området er elsertifikat og blir også kalla grøne sertifikat.

Elsertifikatlova vart vedteke i Stortinget i 2011 då Ap, Sp og SV var i regjering. Vedtaket var ein del av ei avtale med Sverige med ei felles målsetning om å bygge ut 28,4 TWh fornybar kraft innan 2020, der Noreg har ansvaret for å finansiere nesten halvparten.

Konsensjef: Erik Espeset, Tafjord Kraft. Foto: Peder Otto Dybvik

Då Stortinget handsama denne lova i 2011, vart kostnadane til vanlege straumkundar estimert til å bli 40 milliardar kroner. No i 2019 er desse kostnadane redusert til om lag 10 milliardar. Dermed er dette venteleg den rimelegaste subsidieordninga for fornybar energi som har vore innført i Europa. Dette bør vere svært gode nyhende for alminnelege straumkundar.

Ordninga skulle ikkje diskriminere mellom private og offentlege eigde selskap. I klårtekst betyr dette at alminnelege straumkundar subsidierer for at ny energi skal realiserast lønsamt, uavhengig om eigarskapet er offentleg eller privat.

Mellom 2012 og 2015 hamna størstedelen av investeringane i fornybar og spesielt vindkraft i Sverige.

Etter sterkt politisk press, vart det norske avskrivingsregelverket endra i 2016 slik at det vart meir likt det svenske for at meir av investeringane skulle hamne her heime.

Det som har skjedd sidan er at straumprisen har stige og landbasert vindkraft har blitt konkurransedyktig utan elsertifikat og korte avskrivingstider. Dermed er det blitt meir interesse for å bygge vindkraft i Noreg.

Men vi må hugse på at vi snakkar ikkje om uanstendig superprofitable prosjekt. Nokon utanlandske investorar er pensjonsfond med svært låge avkastningskrav.

Når vindkraftprosjekt blir lønsame, så må dei betale vanleg selskapsskatt. Dersom vindkraftprosjekt skulle bli enno meir lønnsomme i framtida, så er eg sikker på at Finansdepartementet vil kjenne si besøkelsestid og innføre grunnrenteskatt også på vindkraft, slik som det er på vasskraft.

Straumkundane kan glede seg over at det er blitt mykje rimelegare enn planlagt.