«Sentralisering og avdemokratisering»

Ørskog legevakt: Resultata av kommunesamanslåingane med sentralisering og dermed dårlegare tilbod til innbyggjarane i utkantane byrjar å vise seg alt før kommunane har slått seg saman, skriv forfattaren av dette lesarinnlegget. 

Ytring

Toril Leganger og Arne Abelset sit i kommunestyret i Ørskog kommune, og dei er kommunstyrekandidater til nye Ålesund for Arbeidarpartiet.

Dei skriv eit innlegg i Sunnmørsposten om forslaget om å flytte dagens legevakt frå Sjøholt.

Dette forslaget om sentralisering av legevakta vil sjølvsagt føre til dårlegare legetilbod for dei som i nyttar legevakta på Sjøholt i dag.

Leganger og Abelset skriv mellom anna. «Dette er eit totalt feil tidspunkt for å tenke flytting på. Å starte med flytting av gode tenester, er vel ikkje det vi bør gjere i denne fasen».

Nei, tidspunktet er ikkje rett, ein bør vel for skams skuld vente til kommunane formelt har slått seg saman, eller kanskje vente nokre år til dei fleste som har vedteke denne sentraliseringa og avdemokratiseringa har slutta i politikken.

Resultata av kommunesamanslåingane med sentralisering og dermed dårlegare tilbod til innbyggjarane i utkantane byrjar å vise seg alt før kommunane har slått seg saman.