Leserinnlegg:

Umotivert nynorskredsel i Ålesund

Kva er problemet? Dei fleste ålesundarane skriv nok bokmål, men har dei problem med nynorsk? spør Magne Storøy i dette innlegget. 

Ytring

Frå utsida ser det ut som om ålesundarane er redde for nynorsk. På nettsida til Ålesund kommune står det «skole og utdanning». Kor mange er innom nettsida kvar dag, og er det nokon som ikkje forstår innhaldet viss det står «skule og utdanning»?

Dei fleste ålesundarane skriv nok bokmål, men har dei problem med nynorsk? I det moderne Noreg er alle vande med å lese nynorsk, ein møter språket i teksting på TV, på nettet og i aviser. Til og med VG og Aftenposten har artiklar på nynorsk no. Nettsida til Nye Ålesund er alt på god nynorsk, og det er forsvinnande få som tek seg nær av det.


Nynorsk skriftspråk er det som er nærmast ålesundsdialekta. Det personlege pronomenet i Ålesund er e, som kjem frå eg. Det er ein del av språkarven til byen vår.

Punkta om språk i intensjonsavtalen for nye Ålesund kommune er:

l. «Nye Ålesund» krev, med heimel i mållova § 5, første ledd, nynorsk som skriv frå statsorgan til kommunen.

2. Kommunen skal bruke nynorsk i utforminga av

a. Internett- og intranettsidene

b. Informasjonsmateriell og kunngjeringar (annonsering)

c. Lokale forskrifter, reglement og retningsliner

d. Protokollar og saksutgreiing frå møter i folkevalde og administrative organ, jf. likevel pkt. 4 nedanfor.

3. Skriftleg forslag til vedtak som blir fremja i møte nemnt i pkt. 3d ovanfor, skal førast inn i protokollen på den målforma forslaget er skrive på.

4. Kommunen sine organ skal svare på skriv frå private rettssubjekt i den målforma som er nytta i skrivet, til liks med statsorgan slik det går fram av mållova§ 6. Dersom kommunen ikkje kjenner språkønsket til vedkomande,gjeld regelen i pkt. 6 nedanfor.

5. Tilsette kan nytte bokmål i sitt daglege arbeid, t.d. referat, notat og rapportar, samt skriv til innbyggarane og andre der det ikkje er krav til ei bestemt målform.



6. Grunnskular held fram med den målforma dei har på det tidspunktet «Nye Ålesund» trer i kraft, og fram til kommunestyret vedtek noko anna etter reglane i opplæringslova.

Sjølvsagt ynskjer Sunnmøre mållag at det vert nynorskklasser på alle skulane, og viss fleire foreldre vel nynorskklasse for sine born, så vil fleire få eit naturleg forhold til nynorsken – men dette er det opp til foreldra å avgjere. Slik er det no, og slik vil det vere i framtida.







Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!