Bypakken er eit sentralt tema i den pågåande valkampen.

Det skal bli betre både for gåande, kollektivreisande, syklande og køyrande.

For 40 år sidan fekk Ålesund ny innfartsvei. I samband med dette fekk ein lovnader om tiltak for å dempe støyen for dei som budde langs med vegen. Spesielt gjennom Volsdalen. Det har vore lansert fleire løysingar opp gjennom åra, men no er alt gløymt ser det ut til.

I løpet av tida som er gått er trafikken mangedobla, og støyen frå denne auka tilsvarande.

Vi skulle vente at denne lovnaden også var eit moment som blei tekt inn i diskusjonen om innfartsvegen og bypakken. Men nei.

Støyplagar frå trafikken er ikkje eit lenger eit tema. Dersom ein skulle leve opp til tidlegare lovnader burde sjølvsagt bypakken også innehalde planar å redusere støyen frå innfartsvegen.

Det siste eg har sett er at Vegvesenet har planar om å auke fartsgrensa frå 70 km/t til 80 km/t gjennom Volsdalen.

Ifølgje Vegvesenet sine tal vil det vil føre til ein auke i støynivået på om lag 2dB. Ein auke på 3 dB vil opplevast som ei fordobling av støynivået. Dersom ein gjekk andre vegen og reduserte fartsgrensa frå 70 km/t til 50 km/t vil ein få ein støyreduksjon på 4dB.

Det vil opplevast som ei halvering av støyen. Eit tiltak som vil vere heilt gratis og halvere støyplagene. Men det vil sjølvsagt føre til at bilistane vil bruke 1 minutt lengre tid til byen.

Det får vel politikarane til å «hoppe i taket». Slikt kan ein ikkje utsetje bilistar for. Helseplager på grunn av trafikkstøy får folk berre leve med.