Ålesundslista ved Randi Asbjørnsen, er såra og vonbroten fordi vi var kritiske til listeformann Knutsens argumentering med sjukehussaka i årets valkamp. Første del av innlegget omhandlar den vanskelege situasjonen Helse Møre og Romsdal er i. Deretter er det skivebom.

Det har vore ein politisk kamp for Ålesund sjukehus i mange tiår og Arbeidarpartiet har hatt sentral rolle, både i Stortinget og i Fylkestinget, før opprettinga av helseføretaka. I mi rolle som barnelege og seinare avdelingssjef for Barneavdelinga, har eg samarbeidd med ulike parti. I Fylkestinget kjempa Grete Westergård Bjørlo frå Arbeidarpartiet mange kampar for mange avdelingar ved sjukehuset og utfordra både fylkeshelsesjef og Romsdalslobbien. Oftast enda dette med midlar til utvikling. Dette var den tida då overlegar og leiarar ved Molde sjukehus hadde kortast veg til fylkeshuset for nye stillingar og god rammer.

I nasjonal samanheng var det over mange stortingsperiodar tverrpolitisk innsats for bl.a. neonatal intensiv. Her fekk vi god hjelp av både Elisabeth Nørve (H), Harald Nesvik (Frp) og ikkje minst Asmund Kristoffersen (Ap). Dette manifesterte seg med tydelege komite-merknader. Helseforetaksreformen var ein nødvendig ledelsesreform.

Dessverre vart Sunnmøre (av ulike grunnar) kopla på Trøndelag. Her var det dessverre nokre politikarar frå vårt område, som ikkje hang heilt med. Det var også mogelegheit til å få administrasjonen av helseføretaket til Ålesund, men også det glapp med få stemmer. I Trondheim hadde dei allereie då tenkt store (dyre tankar) om eit stort regionsjukehus.

Då første byggtrinn var ferdig, konkluderte Adresseavisen med at det var Europas dyraste og bygt etter ein modell som allereie var forkaste i andre land. Arbeidarpartiet ved både Anne-Grete Strøm Erichsen og Jonas Gahr Støre, tok viktige helsepolitiske grep, bl.a. ved dei store endringane som vart gjort for Nordfjord sjukehus. Dette er, trass nokre år med protestar, ein svært vellykka nærsjukehusreform.

Når det gjeld samanslåinga til å bli Helse Møre og Romsdal, så er det grunn til å hevde at det ikkje var samanslåinga, men mangel på mot til å gjennomføre intensjonen, det skorta på. Allereie i fylkeskommunen si styringstid, var det foreslått nødvendig grep i helsetenesta i fylket, men desse vart ikkje gjennomført, verken då eller i føretaksregi. Seinare forsvann politikarane ut av styra i helseføretaka, det var ikkje heldig.

Då Astrid Eidsvik var modig og sa vi kunne starte planlegging og argumentering for ny Barne- og Ungdomsavdeling i Ålesund, var både Ansgar Gabrielsen (H) og Sylvia Brustad (Ap) og Bjarne Håkon Hanssen (Ap) på synfaring for å få informasjon om behovet. Bjarne Håkon Hanssen kleiv sjølv inn i gravemaskina og tok første tak på tomta. Det er grunn til å tru at det før løyving og bygging også hadde vore eit visst press frå departementet overfor Helse Midt Norge.

Dei siste 4 åra har Ålesund Arbeidarparti kjempa i politiske fora og i media for rettferdig behandling for Ålesund Sjukehus.

Kor er så Ålesundlista opp i dette? For meg ser det ut til at Knudsen og listekameratane vil slå enkel politisk gevinst på det mange frå landsdekkande politiske parti har kjempa for lenge og som Ålesund Arbeidarparti har stått på barrikadane for i heile inneverande valperiode.

Tidligare klinikksjef Ove Økland ved Ålesund sjukehus. Foto: Inger Otterlei