Tida er meir enn overmoden for å setja seg ned, tenkja seg om og rista av seg den blinde trua på helseføretaksmodellen, Magnussenmodellen og NPM. Dykk er vel fullt ut klar over at dykk – med rigide Høgre og Ap i førarsetet – får spesialist og primærhelsetenesta til å forvitra og det temmeleg raskt. Shame on you all som stillteiande er med og let dette skje.

Underteikna ser lækjar-, sjukepleiar-, bioingeniør-, radiograf- og fysioterapikollegaer som spring føtene av seg kvar einaste dag på grunn av dykkar styringsform eller mangel på ei god såleis. Underteikna ser reingjeringspersonale som får delt ut mindre og mindre tid til å gjera arbeidet sitt og dette kan ha store konsekvensar for hygiene og smittevern. Og ikkje minst så ser underteikna pasientar som kunne ha fått enda betre oppfølging om der hadde vore minimalt med byråkrati, der hadde vore desentralisert tankegang, mindre rapporterings- og skjemavelde og meir pengar både til spesialist- og primærhelsetenesta. Per i dag er der mykje re-innleggingar og brannslokningsarbeid på grunn av helseføretaksmodellen, manglande fullgod finansieringsmodell og den elendige NPM-tankegangen.

Framføre kvart val vert det prata så fint om eldre, eldreomsorg, det å demme opp for eldreeinsemd og å hindre at eldre tek sjølvmord eller døyr av einsemd. Difor er det særs merkeleg at sentrale helsepolitikarar ikkje ser eller rettare sagt ikkje vil sjå at helseføretaksmodellen og NPM er ein uheldig lapskaus som gjer at vi som pasientbehandlarar får altfor lite tid til pasientane våre og med det ikkje får SETT kvar einskild pasient på beste måte. Og med dårleg styringsmodell, mager finansiering og nedskjeringar på golvplan der pasientbehandlinga skjer så fungerer samhandlingsreforma mest slik at sjukehusa forsøkjer å senda pasientane fortast mogleg attende til kommunane og vice versa. Dette er særs uheldig for dei mest sårbare i samfunnet vårt, dei eldre.

Helsepolitikarar sentralt med helseministeren i spissen. Ta grep! Ingen skam å snu. Kast alt som heiter valflesk tilsides. Lat oss saman, politikarar og pasientbehandlarar/fagfolk gjera alt vi kan for å sjå og hjelpe våre eldre. Det er på høg tid! Og hugs dette: vi rykker alle framover i køen!

Eg gler meg med dykkar hjelp til å ta fatt! Gjer dykk?

«Helseforetakenes atferd viser at vi har beveget oss mot et mer komplekst politisk system hvor regjering, selskap, kontrollorgan og internasjonale markedsmekanismer interagerer på nye måter, og hvor de folkevalgte forssamlingene på de ulike nivåene på en rekke områder har abdisert i forhold til markedsaktører og internasjonale økonomiske eliter.

Den politiske arkitekturen er blitt omstøpt til en reguleringsstat med asymmetri i forholdet mellom stat og foretaksorganisering.

Ordinær offentleg forvaltning med representanter ansvarlege overfor folkevalgte organ er jo alternativet. Så enkelt». (N Veggeland, prof. off. politikk, HINN).