Alle elevar skal få tilbod om å delta på skulegudstenester

Artikkelforfattar: Victoria Smenes.  Foto: Privat

Ytring

Det var veldig fint å få snakke om viktigheita av å tilby alle dei vidaregåande elevane å delta på skulegudstenester på fylkestinget i juni. Det er utarbeida ein ny nasjonal rettleiar for skulegudstenester ifrå Stortinget, som vi i KrF synest er veldig bra.

Det var lenge til jul i juni 2019, og det framleis er lenge til jul i dag. Men årstalet 2019 er endå ein peikepinn på kor viktig jula er for dagens samfunn, og vi er difor veldig for å ha fått eit tydeleg vedtak i Fylkestinget. Vedtaket seier tydeleg at dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal skal følgje Utdanningsdirektoratets nasjonale rettleiar om skulegudstenester.

Dette er på mange måtar eit viktig vedtak, som inneber at kyrkja kan invitere alle VGS-elevar som ynskjer det å delta på skulegudstenester. Rettleiaren seier òg tydeleg at det skal vere unntak for alle som ikkje ynskjer å delta, og at desse elevane skal få eit godt tilbod i regi av skulen.

Norsk kultur har djupe røter i kristendommen, og det norske samfunnet er sterkt prega av kristendommens verdiar, tenking og tradisjonar. Dette ser ein tydleg i årsrytmen og høgtidene som markerast. Særleg er jul og påske to kristne høgtider som pregar rytmen og samfunnet.

For å forstå det norske samfunnet er det difor heilt naudsynt å forstå dei kristne røtene. Dette historiske faktum inneber at kristendommen må ha ein sentral plass i skulen. Dette kjem òg til syne når det i læreplanens generelle del kapittel 1.2 blant anna står:

«Kristendommen er en dyp strøm i vår historie som fortsatt preger tankesett, normer, språk og kunst – og binder oss sammen gjennom ukerytme og høytider.»

Den nye formålsparagrafen i skulen, som eit samla storting står bak, gjev ei god forankring for å fortsetje tradisjonen med å markere julehøgtida i skulen. Julefeiring er ein del av norsk kultur og tradisjon. Det er vanskeleg å forstå jula sitt innhald og kvifor den er så viktig i den norske kulturen utan å kjenne til jula si kristne betydning. Dette får barn kunnskap om gjennom undervisning i skulen, men ved å delta på skulegudstenester får dei òg førstehands kjennskap til og autentiske opplevingar med korleis høgtida markerast i den kristne kyrkja. Vi meiner at kunnskap og kjennskap til både den kristenarv og andre religionar gjer folk tryggare og meir opne i møte med menneske med ei anna tru og kulturbakgrunn.

Eg gleder meg allereie til jul, og er glad for at alle VGS-elevane i fylket som ynskjer å delta på skulegudsteneste når jula nærmar seg skal få dette tilbodet.