Autopass er bra for miljøet og for fylkeskommunen

Autopass: Bildet er frå ferjesambandet Lote-Anda på E39.   Foto: Fjordabladet/ Tormod Flatebø

Ytring

Møre og Romsdal fylke seier nei til Gratis for passasjerar i Autopass-ordninga.

Dette betyr at fylket sparkar seg sjølv i foten og tapar millionar.

Fylket seier nei til ny teknologi som vil spare arbeidskraft og som vil auke kapasiteten på ferjestrekka betydeleg.

Det er utruleg at Senterpartiet og Venstre kan vere så bakstreversk mot ny teknologi og hindre næringslivet i å sleppe å stå unødig i kø.

Og kvifor hindre bilistane i å bli premiert for å handle miljøvennleg?

Når folk køyre i lag aukar kapasiteten med opptil 30 prosent fordi biltrafikken går ned. Folk sparar pengar, miljøet tener på det og lastebilane og anna næringstrafikk slepp å stå i ferjekø! Fylkeskommunen syt og ber seg heile tida til Regjeringa og til folk flest om at dei ikkje har pengar til ferjene. Og så får dei eit system som vil gjere det gratis for folk og auke kapasiteten på deira eigne ferjer. Men seier nei til det!

Autopass og Gratis for passasjerar er lovprist av miljørørsla fordi det minskar unødig bilkøyring og gjer det mogeleg for folk å handle miljøriktig. At lastebilane og næringslivet får mindre venting i kø er sjølvsagt eit pluss.

Tenk på barnefamiliar og folk som køyre på kamp og stemner i idretten, samt alle lag og foreiningar som fer på tur og praktisera samkøyring. Skal vi berre la vere å premiere dei for miljøriktig handling? Skal dei haldast vekke frå ny teknologi og ikkje få ta del i det miljøriktige som veks fram? Er ikkje fylkesordføraren til for alle her i fylket og skal han ikkje syte for at alle grupper, også dei som praktisera samkøyring blir premiert når det leggjast opp til det frå Regjeringa. Korfor skal barna i Møre og Romsdal ikkje få ta del i Autopass og Gratis for passasjerar, som barna i resten av landet?

«Kor er ferjekortet?» er ofte høyrt heime hos meg når ungdommane er heime på sommarferie. I år har det for mange av ungdommane vore slik at same fylkeskommunen som brukar millionar på kampanjar for å få dei til å flytte heim, i år flår dei skikkeleg, for dei sender ikkje ut ferjekort med rabatt.

Merkeleg at dette skal skje i juli då alle er på ferie.

Billettørane tar trøkken frå publikum og seier ta vare på kvitteringa så kanskje du får igjen det du skulle hatt i rabatt.

Møre og Romsdal er eit ferjefylke, og i hop med dei andre kystfylka med ferjer, er det på sikt å gjere ferjene gratis og elektriske eit politisk mål.

Då er Gratis for passasjerar ein god start fram mot målet.

Då blir det lite truverdig når leiaren i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal Kristin Sørheim (Sp) seier at ho vil ha gratis ferjer. Men ikkje for passasjerar først!