Brev frå tsunamien

Sist veke høyrde eg dei eldre bli omtalt i radioen som «tsunamien», altså noko farleg og øydleggjande, «Bølge» er ikkje nok lenger til å beskrive horden av gamle som truar.

Eldre: Artikkelforfattar meiner dei eldre treng ein verkeleg talsmann i politikken. Også i Ålesund.  Foto: Knut Arne Aarset

Ytring

Mange unge politikarar brukar også omgrepa «gamal» og «eldre» som negative adjektiv, sist var Høgre ute og stempla H.K. Knutsen med denne merkelappen som ikkje akkurat var meint som ros.

Rett nok ser vi ein del politikarar som troppar opp på sjukeheimar no før valet, og klappar eldre på hendene i von om fleire røyster på valdagen, men etter valet blir alt som før. At det no er behov for å oppretta eit «Eldreombod», er ei fallitterklæring som viser kor alle parti har svikta i eldrepolitikken. (Men takk, Sylvi.)

AP- regjeringa med økonomen Stoltenberg i spissen dreiv igjennom forliket som m.a. har resultert i 4 års nedgang i kjøpekrafta for pensjonistane.

Vi treng ein verkeleg talsmann for denne store gruppa, også i nye Ålesund, vi treng Pensjonistpartiet som vil slåst for: Styrking av sentralsjukehuset i Ålesund, som er det einaste partiet som har programfesta kamp for legevakta i Ørskog, som vil ha fleire avlastingsplassar i sjukeheimane, Betre omsorgsløn, garanti for at ektefolk som ønsker å bu saman, skal få det, forhandlingsrett med staten og slutt på underreguleringa av pensjonar. Pensjonistpartiet seier NEI til vindmøller på Haramsøya og til den urettferdige og usosiale eigedomsskatten. Vi er mange pensjonistar; om vi samlar oss, kan vi få ei betre eldreomsorg i nye Ålesund.

Eg skal i alle fall røyste på Pensjonistpartiet.