Skal ein tru den politiske debatten som vert ført i samband med valkampen 2019, så er bompengar den største politiske utfordringa rundt om i Norge. Utdanningsforbundet opplever at debatten om bompengar har teke merksemda bort frå langt viktigare saker som politikarane må løyse i den komande fireårsperioden, både i kommunestyra og fylkestinget! Opplæring i skule og barnehage kjem heilt i skuggen når politikarane vel å vinkle valkampen inn mot eit tema som etter vårt syn er ei mindre utfordring.

Lokale tillitsvalde i Utdanningsforbundet har peika på utfordringar i kommunane. Hovudtillitsvald i fylkeskommunen har lenge uttrykt sterkt bekymring for den økonomiske situasjonen.

Fylkespolitikarane har vedteke ein økonomisk hestekur, men har store forventningar om at tenestene skal leverast med same kvalitet om ikkje enno betre! Måltala som er vedtekne for komande periode kan tyde på det.

Utdanningsforbundet er kjend med at utdanningssektoren åleine skal ned med 50 millionar i 2020 og ytterlegare ned 50 millionar fram mot 2023. Slike drastiske nedskjeringar kan umogleg gjerast utan ein må redusere talet på tilsette, auke talet på elevar i kvar klasse, enno fleire lærarlause timar og legge ned skular i distriktet.

Rammebudsjetta til dei vidaregåande skulane er allereie knappe og når over 90 prosent går til lønn så seier det seg sjølv kvar innsparingane må kome. Hittil har skulane i fylket drive svært kostnadseffektivt og levert gode resultat. Kvalitetsmeldinga for 2018 viser gjennom tydlege tal at vårt fylke hevdar seg helt i toppen på landsplan når det gjeld gjennomført og bestått i løpet av fem år. Heile 76 prosent av alle elevane har gjennomført og bestått i løpet av denne perioden. Dette til trass for at vårt fylket ligg lågt i bruken av midlar pr. elev samanlikna med resten av landet og har ein høg andel yrkesfaglege tilbod, noko som er kostnadskrevjande.

Utdanningsforbundet vil minne politikarane om at alle elevar i vidaregåande opplæring har krav på eit likeverdig opplæringstilbod uansett kvar dei er busette i vårt vidstrakte fylke. Eit godt opplæringsmiljø både fagleg og sosialt innanfor gode fysiske rammer, kvalifiserte lærarar i alle timar og pedagogisk forsvarlege grupper dannar grunnlaget for ei kvalitativ god opplæring. Vidaregåande opplæring har ikkje noko norm for lærartettleik, men behovet for gode relasjonar og tett oppfølging er svært viktig for at elevar skal fullføre og bestå. Store grupper og lav lærartettleik er eit hinder for å nå dei måltala som politikarane set seg for gjennomføring i vidaregåande opplæring.

Vil fylkespolitikarane i Møre og Romsdal:

  • Garantere at elevane i vidaregåande får eit likeverdig opplæringstilbod uavhengig av adresse?

  • Sikre elevane kvalifiserte lærarar i alle timar?

  • Sikre gode opplæringsmiljø både fagleg, sosialt og innanfor trygge rammer?

  • Sørge for at stadig fleire fullfører vidaregåande opplæring?

Utdanningsforbundet kan ikkje sjå korleis ein enno strammare økonomi kan gjennomførast utan at dette får store konsekvensar for kvaliteten på opplæringa i vidaregåande skule. Kvalitet kostar og ein kan ikkje forvente gode resultat når ein ikkje er villig til å investere!

Vi forventar at det nye fylkestinget vil prioritere vidaregåande opplæring svært høgt. Noko som etter vårt syn er den viktigaste oppgåva fylkespolitikarane har ansvar for.

Det vil vere framtidsretta politikk!

Fylkesnestleiar Håvard Moe i Utdanningsforbundet Møre og Romsdal meiner det fins viktigare ting enn bompengar å diskutere i valkampen. Foto: Privat