Færre kommunar – fleire byråkratar?

Kommunesamanslåing: Forfattaren reflekterar rundt auka av byråkratar i dei nye storkommunene.  Foto: Staale Wattø

Ytring

Fem månader fram i tid skal den lenge omtala kommunereforma setjast ut i livet. Eit stort mengd millionar kroner er nytta til å førebu det som skal kome. Sværande mange møte er avvikla der tilsette og politikarar har nytta mykje av si arbeidstid. Truleg har den ordinære drifta i dei kommunane dette gjeld, vorte skadelidande utan at dette skal nærare omtalast her. Vi har dessutan motteke klare signal frå Regjeringa om at dette er berre starten, nye samanslåingar skal kome.

Nokre refleksjonar kan ein gjere seg i forkant av dei vala vi skal ha 9. september. Vi kan frykte og det sikkert med rette, at talet på byråkratar særleg i dei nye større kommunane vil auke. Alt no kan vi slå fast at eit av dei store måla med reforma slår sprekker. Dette skal verte spennande å følgje vidare. Eg fryktar at store kommunar vert topptunge, med nedskjeringar på grasrota. Inga Sareptas krukke å ta av, og konsekvensane av topptunge kommunar vil merkast av brukarane.

Større kommunar skal gje betre tenester. Siste undersøking mellom kommunane i landet vårt viste at ein kommune med 2700 innbyggjarar toppa lista når det gjeld tenestetilbodet innan skule, omsorg, barnevern, barnehage og økonomi. Brukarane i dei små kommunane er nøgde både når det gjeld tilbod og kvalitet.

Rekruttering av tilsette skal bli mykje lettare berre kommunen vert større – helst mykje større. Denne påstanden skal det også verte spennande å følgje. Vil sjukeheimen i den vesle utkantkommunen trekkje til seg fleire søkjarar etter at den nye og større kommunen er etablert der den vesle vert ein liten del? Sjukeheimen er den same, han vert ikkje flytta, oppgåvene er dei same, men truleg lengre veg til dei som styrer. Erfaringane vil vi oppleve om nokre år.

Eg snappa nett opp ei melding der barnevernet nok ein gong skal nyttast som brekkstong for større kommunar. Regjeringa si målsetjing: Minst fem – 5 – tilsette innan barnevernet i den einskilde kommune. Det krev større kommunar mange stader i landet vårt! Mine tankar snur litt på dette: Det må vere mykje betre å satse midlar på tiltak i samfunnet vårt som minskar behovet for barnevernstenester og tilsette! Vikarierande motiv frå Oslo?

Stort kan vere bra i enkelte tilfelle, men smått er til vanleg vel så godt!