I lang tid har Volda sjukehus gått og venta på å få att akuttkirurgien på helg. Tida var overmoden og endeleg vart det ein realitet. Skal tru kvifor akkurat no?

Frå før veit vi så inderleg godt at om Volda sjukehus får noko så vert der og plukka vekk noko. Slik vart det òg denne gongen. Det gjekk ikkje mange timane før meldinga om at Volda sjukehus ikkje kom til å få ha funksjon som traumesjukehus tikka inn. Du for ei inkjekunne!

Akutt og traume høyrer saman. Volda sjukehus oppfyller alle krav til kompetanse for å kunne inneha traumefunksjon.

Alle avdelingar interagerar like godt og der ikkje teikn til hierarki som ved større sjukehus. Dette nyt alle pasientar godt av.

Noverande fagdirektør, som inntil ganske så nyleg var klinikksjef for bla stormedisinsk avd i Volda, har landa på at Volda ikkje skal ha traumefunksjon og dette altså til det beste for pasientane iflg uttale til avisa Møre.

No er denne tilliten i ferd med å rakna.

Anten har fagdirektøren ein eigen agenda som skal lyfte Ålesund opp og fram medan Volda skal ribbast slik som før eller så er han diktert av direktør og Helse-Midt sidan vi framleis er under administrasjon derifrå.

Det er å vone at fagdirektøren snur og/eller at styret er vakne og ser at dette er uheldig for potensielle traumepasientar, altså oss alle.

Underteikna ser på svaret frå fagdirektøren som rein svada og det innbyr ikkje til tillit.

Her bør helseministeren gripe inn slik som han i Stortinget i mai i år sa at han kunne gjera om der var avgjerdsler teke i føretaka som gjekk seg negativt ut over pasientane.

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Volda sjukehus er lite i storleik men tek det att på kompetanse, samhandling og samarbeid til det beste for pasientane, skriv sjukehusfysioterapeut Sissel Anita Øyen Hareide. Foto: Knut Arne Aarset