Som sunnmøring og ålesundspatriot frå indre fjordstrok er eg stolt av vår vakre jugendby ved kysten. Men eg kjenner på ei uro over utvikling og framtid.

Det er først og fremst byen sitt opphavlege særpreg som skaper identiteten og gjer byen spesiell. Ikkje «funksjonelle» nyhus, som det er blitt litt for mange av etter kvart. Eit lyspunkt, bokstaveleg tala, dukka opp då «Idungarden» forsvann – og gav fjordblikk sørover mot Sula. Gjev det mørke nabobygget forsvann i ei liknande opprydding! Det ville i så fall kunne gje rom til ei lita open, grøn lunge med oversikt over det nære hamneområdet mellom Ålesund og Sula, som bør utviklast til å forsterke byen sitt maritime særpreg – og vidareutvikle sjøvegen for tilreisande trafikantar med hurtigbåt til bysentrum etter å ha parkert bilane på Sulasida.

På same måten som ei tospors bybane frå Moa eller Digerneset til bysentrum vil kunne gjere bysentrum bilfritt for alle andre enn dei som bur i området – og fjerne behovet for fleirefelts storvegar. Undersjøiske tunnelar og andre tunnelar er det nok av i området frå før.