At Ålesund kommune vert ein nynorskkommune, tyder ikkje at innbyggjarane i kommunen vert drukna i nynorsk. Det tyder at enkelte tilsette i informasjonsavdelinga og administrasjonen må skrive nynorsk. På den måten vil dei bidra til litt meir nynorsk i havet av bokmålstekst. Som i alle andre saker må dei tilsette rette seg etter vedtak og politikk som bystyret vedtek, sjølv om det kanskje strid mot deira eiga meining.

Nynorskbrukarane i den nye kommunen har andre behov enn bokmålsbrukarane. Det er lettare å vere bokmålsbrukar enn nynorskbrukar, og nynorskbrukarane treng å sjå meir av språket sitt rundt seg. Dette må den nye kommunen hjelpe dei med.

I dag er nynorsken eit mindre brukt språk enn bokmålet. Den sterke posisjonen til bokmål som majoritetsspråk, gjer at nynorsken er meir utsett. Sjølv om det er mykje nynorsk på Sunnmøre, har til dømes dei store nasjonale riksavisene framleis nesten berre bokmål på redaksjonell plass. Dette kan den nye kommunen vere med på å vege opp for. I høyringsutkastet til ny språklov seier regjeringa at mindretalsposisjonen til nynorsk utløyser eit særskilt ansvar for å fremje nynorsk som samfunnsberande språk. Det ansvaret ligg i intensjonsavtalen for nye Ålesund.