Men dette har ikkje noko med farge på bilane å gjere, dei finst også i grønt.

Det som gjer meg opprørt, er etter å ha motteke fleire pakkesendingar no i sommar, må sjå på at dei på død og liv må ein tur til Oslo, før dei etter kvart finn vegen dit eg bor. Ka i alle dagar skal dei i Oslo?

Det er mogleg at oslofolk er flinkare til å skanne strekkodar enn anna folk, men eg er viss om at med same opplæring, så ville ein kunne fikse dette rundt om i landet. Det kan sjølvsagt vere ein måte å trygge at dei fleste arbeidsplassane i posten framleis vert i Oslo. Likevel, dette forsvarar ikkje idiotien i denne måten å drive pakketransport på.

Akkurat no er ein pakke på veg til meg frå Sørreisa. Men sjølvsagt måtte den til Oslo. Det dreiar seg då om å transportere pakken rundt 900 unødig kilometer ekstra, berre for at nokon i Oslo skal skanne den for deretter å sende den tilbake dit den for lengst burde ha vore.

Dersom dette ikkje kan kallast idioti sett i system, kan ingen ting kallast so.

Kan også nemne at sist haust tok det eit brev (før kalla A-post) 9 - NI - dagar frå Oslo og hit til meg. Ni dagar! Ein normalt sprek person ville utan problem kunne gå denne strekninga på den tida.

Det som er skremmande med dette, er at det tydelegvis ikkje finst ein einaste person i leiinga av posten som forstår kvifor folk snart ikkje brukar tenestene deira lenger.

Før i tida gjekk det an å sende post frå bygd til bygd, utan at den måtte fare landet rundt før den kom fram.

Og kvar er politikarane? Dei får vel sitt i eigne statelege postboksar, og synest at alt er såre vel.

Det er nesten så at ein kunne ønskje at heile posten vart lagt ned.

Slik som det er i dag, er den til meir frustrasjon eller nytt.

Så må eg få seie at dette ikkje er kritikk av dei som skannar, køyrer eller ber rundt posten.

Dette går på den totale organiseringa av posten.

Den tenar berre Oslo.