Triveleg bygg, gode leikeareal og funksjonelt utstyr er viktig for både tilsette og elevar og dermed auke eleven si lyst til å lære. Arbeidarpartiet vil kome raskt i gang med rehabilitering og nybygg i tråd med økonomiplanane til dei gamle kommunane.

Arbeidet med ungdomsskulen på Kolvikbakken og barneskulen på Skodje er i gong, men vi kan ikkje stoppe der. Barneskulane på Emblem, Hessa, Tennfjord og ungdomsskulen på Eidet (Vatne Ungdomsskule) og Skodje er sprengt og treng nybygg. I tillegg er det andre skulebygg i den nye kommunen som treng rehabilitering og utviding. Det hastar med å kome i gang med skulebygga og dette kan vi ikkje utsetje. Undervisninga kan ikkje halde fram i brakker til evig tid. Nokre elevar kan risikere at dei har klasserom i brakker i 10 år. Vil du verkeleg det for ditt barn?

Trygge skulevegar og trygge uteområde er viktig for trivselen både for store og små. Skulevegen er eit offentleg ansvar; eit ansvar Ålesund Arbeiderparti set høgt. Dette er tiltak som vi blant anna ser i den nyleg vedtekne bypakken. I pakken ligg det inne trafikksikring både på Hessa, Ellingsøya, Blindheim, Aspøy og Hatlane.

Eg er stadig vekk forundra over mangelen på interesse på samferdselstiltak for mjuke trafikantar. Vi ser ofte at det er menn i 50-åra med store bilar som får mest pengar og merksemd, meg sjølv inkludert. Googlar eg meg sjølv er det store vegprosjekt eg får mest merksemd for, sjølv om eg brukar lite tid på det. Dei andre sakene er ikkje media oppteken av. Det at trafikktryggingstiltak blir nedprioritert blir også bekrefta av leiaren i Sunnmørsposten 21. august: «Mjuke trafikantar står også i dag lang bak i køen i kampen om vegmilliardane». Arbeidarpartiet vil prioritere dei mjuke trafikantane.

På mange skular er det i dag trafikkaos både før og etter skuledagen. Hadde foreldra vore trygge på at skulevegen var sikker, hadde vi fått redusert mykje av denne trafikken. Ein trygg og sikker skuleveg er også folkehelse. Barn og unge kan starte dagen med fysisk aktivitet, noko som også er med på å styrke trivsel og læring. I tillegg får ein mindre trafikk i nærmiljøet.

Til deg som meiner at trygge skulevegar og gode skulebygg er viktig. Stem Arbeidarpartiet.

Geir Ove Leite meinar framtidsretta skulebygg og trygge skulevegar er eit viktig satsingsområde. Foto: Privat