Det gamle norske skriftspråket gjekk ut av bruk i dansketida. Skriftspråket i Noreg i 1814 var dansk. Nasjonal frigjering kravde også språkleg frigjering. Ivar Aasen samla opplysingar om talemålet i norske bygder for å nyreise eit norsk skriftspråk. Han samla ikkje inn prøver på talemålet i byane, fordi han meinte dét hadde blitt for sterkt innblanda med dansk skriftspråk. Det danske skriftspråket brukt i Noreg vart gradvis noko fornorska til bokmål. Stortinget jamstilte nynorsk med bokmål i 1885. Sunnmøre var tidleg ute med å ta i bruk nynorsk i folkeskulen og i kommunane. Bruk av nynorsk voks sterkt i landdistrikta utover 1900-talet fram til andre verdskrigen.

Men etterkrigstida med sterk konsentrasjonen av busetting i byar, som følge av sterk vekst i næringsliv, høgare utdanning, byråkrati og massemedia, skapte grunnlag for ny vekst for bokmål i byane. Bymålet vart rekna for å vere finare, fordi det alltid hadde vore overklassa sitt språk. Slik er det ikkje lenger. Nynorsk har alle kvalitetar som skriftspråk for å få større gjennomslag i byane på alle samfunnsområde, i offentleg så vel som privat sektor. Nye Ålesund kan no vise veg.

Det meste av den venta innflyttinga til nye Ålesund i tiåra framover vil mest truleg kome frå område der nynorsk står sterkt, som landdistrikta på Sunnmøre og kystdistrikta mellom Sognefjorden og Trondheimsfjorden, fordi ungdom derifrå vil søke seg utdanning og arbeid innanfor maritime og marine næringar. Bruk av nynorsk kan stimulere denne utviklinga. Dessutan vil truleg ein stor del av dei nye arbeidsplassane og den auka busettinga kome til å skje i landdistrikta i nye Ålesund der nynorsken står sterkt.

Nynorsk som administrasjonsspråk vil også redusere barrieren mot andre sunnmørskommunar, lette samarbeidet, styrke sunnmørsidentiteten og samhaldet og legge til rette for at andre kommunar lettare kan vedta å starte forhandlingar om å slutte seg til nye Ålesund kommune seinare. Då kan det vere viktig at dei har tillit til at vedtaka i samanslåingsprosessen står fast etter kommunesamanslåinga.

Det er å vone at politikarane og administrasjonen i nye Ålesund skapar ein positiv prosess for innføring av nynorsk som administrasjonsspråk. Sét ein viljestyrken inn på å lukkast, vil ein også løyse utfordringa med å kombinere ei vellukka innføring av nynorsk med utvikling av nye ordningar som gjer at også bokmålsbrukarane vert nøgde med den skriftlege kommunikasjonen frå den nye kommunen.