At du ikkje vil trekkje deg var ikkje noko stor overrasking. Heller ikkje di grunngjeving for å ville halde fram. Du kommenterer ikkje den konkrete grunngjevinga mi for at eg meiner du bør trekkje deg, som var årsaka til at eg skreiv avisinnlegget. At du sa til Sunnmørsposten som ein reaksjon på Sylvi Listhaug si støtte til Romsdalsaksen: «Resultatet dersom dette blir en realitet er at det ikke blir noen fjordkryssingsprosjekter utført i Møre og Romsdal.» Du nektar ikkje for å ha sagt dette, så då går eg ut ifrå at du erkjenner det.

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!