Høgre har eit ambisiøst mål om at 5.000 fleire skal fullføre vidaregåande kvart år innan 2025. Innan 2030 skal ni av ti gå ut med eit vitnemål eller eit fagbrev i handa. Med eit arbeidsliv som stiller stadig strengare krav til formell kompetanse, er dette heilt avgjerande. Fråfallet gjev grunn til uro, fordi det kan få store konsekvensar for dei det gjeld, både sosialt og når det gjeld moglegheita for å få jobb.

Årsakene til fråfall er samansette. Difor treng vi nasjonal, regional og lokal handling for å nå målet vårt. I Møre og Romsdal må vi samarbeide med kommunane for å gi alle born eit best mogleg utgangspunkt frå barnehagen, gjennom grunnskulen og vidare inn i vidaregåande. Vi har gjort mykje. Vi har gitt historisk mange lærarar tilbod om vidareutdanning. For Møre og Romsdal betyr det at nesten 1500 lærarar har fått tilbod om dette. Vi har innført ei plikt for skulane til å gi intensiv opplæring i lesing, skriving og rekning for 1.-4.-klassingar som står i fare for å falle etter, og vi har innført ei fråværsgrense i vidaregåande. Men vi vil vidare.

For det første vil vi innføre ei varslings- og oppfølgingsplikt for skulane, for å fange opp elevar frå første fråværsdag. I 2018 fekk vi for første gong fråværsstatistikk for 10. klasse. I Møre og Romsdal er elevane i snitt borte 5 dagar og 3 timar. Desse elevane går glipp av mange timar og dagar med viktig undervisning, som kan vere heilt avgjerande for fagleg og sosial meistring. Det skapar kunnskapshol, som kan vere vanskelege å tette. Difor vil vi at skulane skal gjere meir når elevane er mykje vekke.

For det andre vil vi innføre ei plikt for skulane til å samarbeide om overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande. Ofte sviktar det i oppfølginga av elevane i denne sårbare fasen. Difor vil Høgre at skulen skal gi elevane den hjelpa dei treng for å meistre den nye kvardagen.

For det tredje vil vi styrke laget rundt eleven med helsesjukepleiarar, betre rådgivingsteneste og sosialfaglege tilsette, som bidreg til eit betre læringsmiljø og mindre mobbing. Fordi det faktisk er slik at du må trivast for å lære.

Vårt løfte er eit løfte til alle dykk born og unge i Møre og Romsdal, og til dykk foreldre. Det er ambisiøst, men vi korkje kan eller vil slå oss til ro med at elevane våre ikkje får like moglegheiter. Noreg og Møre og Romsdal på sitt beste er når vi greier å skape ein skule med moglegheiter for alle.