«Kven som styrer har mykje å seie for nynorsken!»

Nynorsk: Artikkelforfattarane meiner at kva parti du stemmer på har mykje å seie for nynorsken. 

Ytring

Bruk røysteretten din 9. september på eit parti som vil nynorsken vel lokalt, eller kryss inn nynorskvenlege kandidatar. Lokale folkevalde kan gjere stor skilnad!

Dette vert heilt avgjerande i år då språkvalet i nye Ålesund har blitt ein av dei store valkampsakene. Sjølv om intensjonsavtalen slår fast at kommunen skal ha nynorsk målform er det no ein del parti som vil revurdere dette. Nynorsken vil med det kunne risikere å tape stort på samanslåinga om fire nynorskkommunar blir til ein språknøytral.

Mållaga meiner at nye Ålesund må:

• Halde på nynorsk administrasjonsmål jamfør intensjonsavtalen

• Melde seg inn i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK)

• Gi tilsette i heile nye Ålesund tilbod om nynorskkurs, gjerne via LNK

• Gi lærarar tilbod om etterutdanning i nynorsk

• Stille krav om nynorskkunnskap ved nytilsettingar i administrative stillingar

Så sett deg godt inn i partiprogramma og bruk røysteretten din 9. september for å gjere ein skilnad. Kven som styrer har mykje å seie for nynorsken. Godt val!

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!