Bystyret og byrådet i Bergen har dei siste åra markert seg med fleire nynorskvenlege vedtak. Dette tyder på at dei styrande i vestlandshovudstaden vil leve opp til målet om å vere hovudstaden for Vestlandet, også kulturelt sett.

Takka vere byrådet si nynorsk-satsing har det skjedd eit politisk stemningsskifte i Bergen. Det er ikkje mange år sidan Harald Victor Hove (H) brende Nynorsk Ordliste i eit forsøk på å kome seg ut av Bergen og inn på Stortinget. I 2017 var hans eige ungdomsparti for nynorsk som styringsspråk i Vestland fylke.

I dag er eit stort fleirtal i bystyret samd om at Bergen må vere med i kampen om å vere nynorskhovudstad i Noreg. Bystyret i Bergen har teke innover seg at dersom Bergen skal vere ein naturleg hovudstad for heile Vestlandet, må Bergen også vere raus med – og forstå omlandet sitt.

Nynorsk er ein avgjerande del av vestlendingen sin identitet. Forstår ein ikkje dette, forstår ein heller ikkje Vestlandet. Forstår ein ikkje Vestlandet, kan ein aldri hamle opp med sentralmakta i Oslo. Sunnmøringen er vestlending så god som nokon, romsdalingen også.

Det er mange moment som talar for Ålesund som nynorskby samanlikna med Bergen, mellom anna:

  • Noverande Ålesund har svært mange med nynorsk hovudmål frå skulen, både «innfødde» ålesundarar og innflyttarar.

  • Nynorsk som opplæringsspråk står sterkare i Ålesund enn i Bergen.

  • Nynorsk er liturgispråk i fleirtalet av sokna i noverande Ålesund.

  • Det er lite som skil ålesundsmålet frå sunnmørsmålet elles.

  • Ålesund har eit sterkt nynorsk omland:

Alle kommunar på Sunnmøre utanom Ålesund har nynorsk administrasjonsspråk. I skulen er det tilnærma 100 % nynorsk, kyrkja har 100 % nynorsk liturgi. Sunnmøre og delar av Romsdal er eit nynorsk kjerneområde der nynorsken lever i beste velgåande!

Innbyggarundersøkinga i Ålesund om kommunereforma viser ei klar overvekt for dei som vil ha nynorsk som administrasjonsspråk – 41 % mot 31 % for bokmål, og berre omkring 25 % for nøytral. Sjølv om desse tala er to-tre år gamle då det var fleire kommunar som var aktuelle i den nye kommunen, så viser dette at toleransen for nynorsk blant ålesundarane er stor.

I visjonen for nye Ålesund står lokal identitet som ein av tre hovudpilarar. Nynorsk er ein viktig del av den sunnmørske identiteten. Skal ein gi innhald til visjonen om lokal identitet, må nynorsken bli godt synleg. Ordførar Vinje Aurdal målber dette på ein framifrå måte i innlegget i Sunnmørsposten 26. august under overskrifta «Ålesund skal vere ein kommune for både ålesundere og ålesundarar».

Det vil vere naturleg at politikarane som no skal veljast, tek mål av seg til å gjere nye Ålesund til å bli ei drivkraft i den materielle og kulturelle utviklinga på Sunnmøre og vidare utover. By og land må gå hand i hand! Sjå til Bergen og gjer sameleis! Sjå på nynorsken som ein ressurs og ikkje som ein trussel! Kvifor ikkje gjere nye Ålesund til nynorskhovudstaden, i konkurranse med Bergen?

Under debattmøtet i Parken kulturhus i mars peika ordførar Vinje Aurdal på at Ålesund har ein lang tradisjon for å vende seg utover mot verda og ta i mot verda i byen. – Nynorsk er med på å understreke både inkludering og mangfald, sa ho. Dette er eit vidsyn som manglar i ytringar frå ein del andre politikarar om språk i nye Ålesund.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!