Kommunereforma er ei utfordring for lokaldemokratiet og folkestyret.

Dette gjeld særleg der fleire små kommunar går saman med ein stor og dominerande bykommune.

Nye Ålesund kommune er ein slik konstruksjon.

Det bur i dag i overkant av 47.000 menneske i kommunen. Folketalet vil auke med 35 prosent til ca. 65.000 når dei fire landkommunane Haram, Skodje, Ørskog og Sandøy kjem til frå 2020. Dette er ein stor auke og det blir ein stor kommune både i folketal og flatevidd. Den opphavlege bykommunen og dei mindre landkommunane må tilpasse seg ein ny organisasjon. Dette gjeld både i høve til tenesteyting, administrasjon og politikk.

Kommunereforma var rett og naudsynt. Om dette skal bli vellukka og folk skal kjenne seg trygge, varetatt, og ikkje minst, deltakande, må det gjerast grep. Om vedtak skal ha legitimitet, må dei ha forankringa si i folket. Noko historia syner oss gong på gong.

Arbeidarpartiet har alltid stått for ein politikk der fellesskap og samarbeid står sentralt. Vi ser ein raud tråd heilt frå 1933, då slagordet «by og land hand i hand» vart lansert, fram til i dag. Ein ivrig forkjempar for folkestyret frå 30-åra, var Olav Oksvik. Ein ruvande og sentral politikar frå distriktet vårt. Han vert omtala som: «Personliggjørelsen av norsk folkestyre, kontakten frå gard og grend, frå by og bygd, over i Stortinget».

Det er såleis ein stor og viktig arv Eva Vinje Aurdal no skal føre vidare.

Så langt i prosessen, har ho vist at ho meistrar denne rolla til fulle. Utfordringar i Fellesnemda er handtert på ein måte som gjer at kommunane no går inn i sluttfasen av førebuingane meir samla enn nokon gong.

I ein slik situasjon er det lett å minnast Hans Rotmo si tekst: «Det e itjno’ som kjæm tå sæ sjølv».

Det må difor arbeidast aktivt både lokalt og sentralt i den nye kommunen for å trygge demokratiet.

I Ålesund Arbeiderparti sitt program er måla definert under punktet «samskaping».

Det er opp til oss som innbyggarar å realisere desse måla gjennom aktiv samfunnsdeltaking.

Å få kommunedelsutvala til å fungere vil vere avgjerande.

Det også viktig at aktørar som arbeider for utvikling av demokrati og folkestyre får støtte og oppfølging.

Kommunereforma var rett og naudsynt. Om dette skal bli vellukka og folk skal kjenne seg trygge, varetatt, og ikkje minst, deltakande, må det gjerast grep, meiner Arbeiderpartiet i Ålesund. Foto: Staale Wattø