I samband med samanslåing av 5 kommunar til nye Ålesund, gjorde fellesnemnda vedtak om at den nye kommunen skulle ha nynorsk som målform. Detaljar om korleis dette skulle praktiserast, går fram av 6 hovudpunkt i tillegget til intensjonsavtalen frå juni 2017.

Avtalen med vedtaket om målform vart samrøystes og utan atterhald vedteken av ordførarane og kommunestyra i dei 5 kommunane. Likevel har det i det siste meldt seg politikarar og ordførarkandidatar som var med på desse vedtaka, som står på vallistene som skal brukast den 9. september, og som vil gå vekk frå vedteken intensjonsavtale. Gir slikt tillit, eller er det med på å byggje opp under den såkalla politikarforakta?

Fleire innlegg i media i det siste går med ymse grunngjevingar inn for å gå vekk frå vedtaket om nynorsk som målform. Eg sit att med inntrykk av at mange av dei som har uttalt seg, ikkje kan ha lese eller forstått kva som er vedteke i intensjonsavtalen. Både politikarar og andre kan av og til ha gode grunnar for å skifte meining og gå vekk frå det som ein har bunde seg til tidlegare. I dette tilfellet kan eg ikkje sjå nokon slik grunn. Intensjonsavtalen er ikkje juridisk bindande, og skal vedtakast av det nye kommunestyret. Likevel kan det etterlysast ei moralsk binding.

Ålesund er «byen» for alle kommunane på Sunnmøre. Med unnatak av gamle Ålesund (rundt 48.000 innbyggjarar), har alle desse i dag nynorsk som målform (rundt 100.000 innbyggjarar). Nokre kommunar har jamvel vore inne på tanken om å slå seg saman med nye Ålesund. Nynorsk målform kan då verke positivt, medan utsiktene for ei mogleg vilkårleg handsaming av ein intensjonsavtale, kan bli gitt langt større vekt i motsett retning.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!