Det er lenge sidan eg har vorte engasjert eller provosert over å lese avisinnlegga i lokalavisa. Med jamne mellomrom er det personar med meir eller mindre gode intensjonar som ynskjer å fortelje meg korleis eg burde leve livet mitt. Eg vel å tolke det som eit forsøk på å vere til hjelp, sjølv om det på ingen måte er det.

Men, eg hugsar godt korleis det var å vere ein usikker, homofil tenåring. Er kjenslene mine rette? Kan eg kalle meg kristen? Vil kyrkja ha noko med meg å gjere? Kan presten gå forbi meg ved nattverdsbordet? Tanken på å ikkje skulle få vere ein del av fellesskapet som kyrkja gav meg var utruleg skremmande.

I dag tenkjer eg ikkje lengre på om eg er god nok til å kalle meg kristen. Eg er heller ikkje redd for at presten vil gå forbi meg ved nattverdsbordet. Rett nok er eg eldre og tryggare på meg sjølv, men kyrkja har og endra seg. Kvar fjerde år er eg med på å bestemme kven som skal snakke mi sak i kyrkja. Det er ikkje lengre biskopane åleine som har alle svara, men folk som du og eg. Folk som ikkje alltid trur dei har dei rette svara, men som synest det er viktig at kyrkja kan ynskje alle velkomne, uansett. Dette har vore med på å gjere kyrkja opnare, meir inkluderande og trygg.

Eg ynskjer at kyrkja skal fortsetje å vere open og inkluderande. Eg ynskjer at kyrkja skal møte oss alle med kjærleik og opne armar. Open folkekyrkje gjer meg trygg på at kyrkja eg er døypt, konfirmert og gift i framleis skal vere ei folkekyrkje for meg og andre som ikkje alltid kjenner seg bra nok. Difor bryr eg meg om kyrkjevalet og difor skal eg røyste Open folkekyrkje.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!