«Ei språklov som vil sette spor

Kultur- og likestillingsminister: Venstre-leder Trine Skei Grande.  Foto: Vidar Ruud, NTB Scanpix

Ytring

No sender vi forslag til ny språklov på høyring. Dette er den første heilskaplege språklova nokon gong. Det gjer vi for å lovfeste, verne og løfte fram det norske språket og fastslå at den norske staten er fleirspråkleg.

Språket er vår fremste kulturberar, og norsk språk er ein grunnleggande infrastruktur i det norske samfunnet. Når vi no, for fyrste gong, sender ei heilskapleg språklov ut på høyring, er det på høg tid. Norsk har lenge vore under press frå engelsk, særleg i akademia, i teknologien og i næringslivet. Med denne lova får språket vårt eit sterkare vern.


I arbeidet med lovforslaget har vi hatt ønske om å lage ei språklov som set varige spor. For å få dette til er vi avhengige av at det offentlege brukar og utviklar språket på alle samfunnsområde. Dersom vi skal ta vare på norsk språk og det språklege mangfaldet, må vi frå statens side ha ein aktiv språkpolitikk. Derfor balanserer lovforslaget mellom ulike språkbrukarinteresser og ønsker å jamne ut maktforholda mellom språka, nettopp fordi det handlar om både demokratiske og juridiske rettar.

Kva er det vi foreslår? Jo, eitt av forslaga i denne lova er mellom anna å gi regionane eit større nasjonalt ansvar for språkutviklinga i sin region. Fram til no har det vore slik at berre statsorgan har hatt plikt til å svare skriftleg på same språk som avsendaren brukar. For å styrke nynorsk som mindretalsspråk, er eit av høyringsforslaga at også fylkeskommunane skal få denne plikta.


Språk er ein fellesarena for demokratiet og ein føresetnad for deltaking. Sjølv namn på statsorgan har ein demokratisk funksjon. Det er viktig at namna er forståelege for folk. Kvifor skal borna lære rettskriving på skulen, dersom vaksensamfunnet ikkje bryr seg? Regjeringa foreslår derfor i denne lova at namn på statsorgan må følge norsk rettskriving.

Nøkkelen til at vi får like moglegheiter i skulen og samfunnet ligg i språket, fordi det er grunnlaget for både tankar, læring og samarbeid. Regjeringa vil derfor stille krav til at det offentlege skal bruke eit klart og korrekt språk i kontakt med innbyggarane.

Språk er ein viktig kulturberar og identitetsberar. Vi skal vere glade og takknemlege for at vi har fleire ulike språk i Norge. Det er ein styrke, både for oss som enkeltindivid og som samfunn. Med denne lova får både samisk, kvensk, romani og romanes sine eigne formaliserte statusar og dermed eit eige vern. I tillegg gir vi norsk teiknspråk formalisert status som «nasjonalt teiknspråk». Med dette sikrar vi språkmangfaldet i Norge.

Nye Ålesund får litt nynorsk i eit hav av bokmål

Når éin bokmålskommune slår seg saman med fire nynorskkommunar, må den nye kommunen ta ansvar for nynorsken og nynorskbrukarane.

Som nasjon har vi ei plikt til å ta vare på språka våre. Derfor vil vi også følge opp dette lovforslaget med ei eiga stortingsmelding om språk. Noreg må vere i førarsetet for vår eiga språklege utvikling. Ingen andre har ansvar for å ta vare på norsk språk. Det må vi faktisk gjere sjølv – og det gjer vi med denne historiske språklova.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!