Det er ikkje ofte eg tek ordet i enkeltsaker av denne typen. Langt mindre møter på ein aksjon for et eller anna. Men utspelet frå helseforetaket om å endre «hjerterehabiliteringstilbudet slik at det blir mer i samsvar med hvordan andre helseforetak tilbyr dette» (Jorunn Bøyum, Sunnmørsposten 24.8) fekk meg opp av stolen.

Svært mange i mitt nærmiljø og slekt har vore innom avdelinga med desse engasjerte og dyktige damene (og menn) og fått muligheten til å komme tilbake til fullt arbeid på rekordtid.

28.8 var det en spontanaksjon for tilbudet via Facebook. Over 100 personer møtte opp. Og her var det ikkje et traust demonstrasjonstog med plakater og klagerop men en fartsfyllt trim der alle smilte og koste seg.

Kjempebra! Takk til Siv Katrin Ulla for initiativet! Dette var støtta tverrpolitisk og må difor vere noko som foretaksstyret må ta med seg.

Det er ikkje mange offentlege tilbod som har et SÅ godt rykte på seg. Ei lita, men utruleg effektiv gruppe som handterer 120 klientar i året med eit 13 vekers opplegg på «personleg trener-nivå» som gir resultat og livsmot.

Dette MÅ vere god samfunnsøkonomi!

Tilbodet er stykkprisfinansiert og avdelinga får eit høgare tilskot pr klient enn andre tilsvarande tilbod i landet og gir dermed ekstra inntekter til foretaket.

  • Dei har saman med NTNU gjennomført fleire forskingsprosjekt knytt til langtidsoppfølging etter hjarteinfarkt/bypass-operasjonar. Ved å gjere eit enkelt søk finn vi at det ikkje er tilfeldig det som blir oppnådd. Tolmodig forsking i fleire prosjekt for å finne ut kva som er effektiv behandling er blitt respektert langt utover landegrensene. Kanskje Ålesund har det beste tilbodet i landet (også i forhold til Rikshospitalet).

  • Dei inviterer «klientane» (eller «familien») på fjellturar 2 gonger i året.

  • Dei gir klientane sine ei personleg oppfølging og slepper dei ikkje før det er trygt.

  • Fleire av personane har arbeidd ved avdelinga i 20 år og har gitt ein kontinuitet som er sjeldan. Dette gir også godt grunnlag til opplæring av nye etter kvart.

  • Og dei viser eit ekstremt engasjement for å gi dette tilbodet; Ikkje for seg sjølv, men for alle oss som har behov eller kan få behov for denne tenesta. Et engasjement som går langt utover stillingsprosentane deira.

  • Inntektene til føretaket gå ned.

  • Det vil gi stor sårbarheit. I utgangspunktet skulle ein tru at ei halvering av tilsette skulle gi ei halvering av «produksjonen». I dette tilfellet vil nok konsekvensen vere langt større. Det er så få stillingar og små stillingsbrøker at tilbodet blir veldig sårbart ved sjukdom.

  • Vil medføre auka administrativt og logistisk arbeid på dei som er igjen.

  • Gi lengre ventelister/fleire som ikkje får tilbod.

  • Vanskeliggjere rekrutteringa.

  • Moglegheitene for forsking og utvikling blir i praksis borte og avdelinga degenerer.

Oppsummert resultere i et dårlegare tilbod. Som ein eg snakka med sa det så bra: «I Ålesund hjelper dei deg til å bli frisk, mens ved andre sjukehus får du beskjed om å reise heim og bli frisk.»

Dette er kanskje eitt av dei mest samfunnsmessig vellykka tiltaka vi har til ein slik kostnad.

Vi Sykkylven KrF har ikkje noko spesielt forhold til etablering av PCI eller ikkje, endå, og det engasjementet må gå i et eige løp.

Vi vil halde oppe (for å vidareutvikle) hjarterehabiliteringa!

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!