Jesus sa: «Slik eg har elska dykk, skal de elske kvarandre. På det skal alle kjenne at de er mine læresveinar». I ein song i songboka står det: «Velsigna band som bind Guds folk i saman her – med same kjærleik same sinn som i Guds himmel er».

Utruskap kan føre til konflikter og i verste fall til drap. Det har vi sett mange eksempel på. Vi kjenner forteljinga i Bibelen om kvinna som vart grepen på fersk gjerning i hor – utruskap. Etter Moselova og i vår tid etter muslimane si Sharia-lov skal slike kvinner steinast til døde.

Farisearane og dei skriftlærde ville at Jesus skulle felle domen over denne kvinna. Jesus sa: «Den som er rein av dykk, kan få kaste den første steinen». Ingen våga å kaste den første steinen og Jesus vart att åleine med kvinna og spurte henne: «Var det ingen som dømde deg?» «Nei, ingen», sa kvinna. Jesus sa: «Heller ikkje eg dømer deg, gå bort og synd ikkje meir». Når Jesus sa: «Gå bort og synd ikkje meir» - dømte Jesus då kvinna? Nei, han gav ho «ein dag i morra med reine ark og fargestifter til» slik Alf Prøysen uttrykker det.

Det er Gud som også har skapt eros - den seksuelle kjærleiken i oss. Sterke lyster til å skape nye liv og sterke band for at mor og far skal verne og ta vare på det nye livet – barnet. Guds kjærleiken – agape – er fullkomen god, men FRI seksuell kjærleik er ikkje det. Frukta av FRI seksuell «kjærleik» fører ofte til «lauslivnad».

«Lauslivnad» var årsaka til Romerriket gjekk i oppløysing og at Sodoma og Godmora vart øydelagt. Gud har skapt oss til mann og kvinne. I ekteskapet sei Bibelen at dei skal vere «ett kjøt». Det Gud har ført saman skal ikkje menneske skilje. Seksuell truskap er Guds vilje uansett seksuell legnad. Men husk – absolutt ingen ting kan skilje oss frå Guds kjærleik – agape.

Lat vi kristne ikkje ha stein i våre hender - ingen av oss er reine. Men – la vi våge å vere tru mot Guds ord i Bibelen slik Jesus var det. Det er Guds ord og Guds kjærleik som er frigjerande for menneska – ikkje FRI sex.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!