Eg har så lyst til å framsnakke nordmørsregionen litt. Det verkar som ingen andre bryr seg.

Nordmøringen, eit triveleg og arbeidsamt folk. Men eg tek til å undrast på om det er nokon som vil dei til livs. Det er nok så klart at dei i alle situasjonar for tida, der nye statlege arbeidsplassar vert lagt til fylket vårt, vinn ikkje Nordmøre. Kan det skuldast at dei to andre fogderia har tettare band, og større påverkingskraft enn nordmørsregionen? Om så er, vert det heilt feil. Men ein ser ofte at statsrådar kjem med gåver til det fogderiet dei kjem frå.

Desse tre «gåvene» frå regjeringa kunne og burde vore lagt til Kristiansund. Er det nokon region som sårt hadde trengd desse arbeidsplassane, så er det Nordmøre.

For meg som ein utanforståande synsar, verkar det som ein styrt aksjon mot Nordmøre. Er det eit sentralt ønskje om å sende dei nordover? I så fall sunnmøringar og romsdalingar, vakn opp. Skulle så hende, er ikkje vi noko heller lenger.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!