Kommunevalet er over, og det er valt nytt mannskap som skal styre kommunane dei neste fire åra. Vi i den førebyggande organisasjonen IOGT meiner at ei av dei viktigaste oppgåvene til dei folkevalde er å sikre gode lokalsamfunn med friske innbyggarar. Det betyr mellom anna at det er lett å ta sunne val.

Det er kommunestyra som bestemmer kor lett tilgang det skal vere til alkohol i eigen kommune, og tilgangen er sjølve nøkkelfaktoren til alkoholkonsumet i eit samfunn. Det betyr at det først og fremst er eit kommunalt ansvar å handheve alkohollova på ein slik måte at målsettinga om 10 prosent reduksjon blir oppnådd. Vi håper dei nyvalde kommunestyra tek dette ansvaret på alvor, og slik er med på å betre folkehelsa og det gode liv for alle.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!