Lesarinnlegg:

«Håper på edruelege kommunestyre»

Illustrasjonsfoto.  Foto: NTB scanpix

Ytring

Kommunevalet er over, og det er valt nytt mannskap som skal styre kommunane dei neste fire åra. Vi i den førebyggande organisasjonen IOGT meiner at ei av dei viktigaste oppgåvene til dei folkevalde er å sikre gode lokalsamfunn med friske innbyggarar. Det betyr mellom anna at det er lett å ta sunne val.

God folkehelsepolitikk betyr å prioritere gode ruspolitiske vedtak. Norge har slutta seg til Verdas Helseorganisasjon (WHO), si målsetting om at vi skal redusere det skadelege alkoholkonsumet med minst 10 prosent innan 2025. Målet er stadfesta i ulike styringsdokument, mellom anna i Folkehelsemeldinga frå 2016. WHO sitt sterke fokus på alkohol er ikkje utan grunn. Ikkje nokon enkeltfaktor har større innverknad på folkehelsa og det gode liv enn befolkninga sitt forbruk av alkohol. Eit moderat alkoholforbruk, eller å la vere å bruke alkohol, er viktig for egen helse fordi alkohol er ein risikofaktor for mellom anna hjarte- og karsjukdomar, kreft og leversjukdomar. Men endå viktigare er kanskje den sosiale risikoen med tanke på skadar på tredjepart. Meir enn halvparten av alkoholskadane råkar andre enn brukaren sjølv. Det kan vere vald, trafikkulykker, fosterskadar, truslar, sjikane, ordensuro og fysiske og psykiske skader på pårørande og andre.

Rapport: Nordmenn drikker minst i Norden

En ny rapport viser at nordmenn er dem som drikker alle minst i Norden. I gjennomsnitt drikker hver nordmann over 15 år 6,8 liter ren alkohol årlig.



Undersøkelse: Studenter drikker så mye at det rammer studiene

En tredel av studentene har vært borte fra forelesning eller jobb på grunn av alkoholbruk, ifølge en undersøkelse fra Vinmonopolet – som er bekymret.


Det er beklageleg at vi i Norge ikkje har klart å snu ein trend med aukande alkoholkonsum. Målet om ein reduksjon på 10 prosent er ikkje uoppnåeleg, men kan ikkje oppnåast utan målretta tiltak. Praktiseringa av alkohollova er i stor grad eit kommunalt ansvar. Det er kommunen, som innanfor ramma av det Stortinget har bestemt, fastset reglar for skjenketider, og som gjev skjenkeløyve med meir. Kommunane skal ha ein ruspolitisk handlingsplan som er vedteken av kommunestyret. Ein god ruspolitisk handlingsplan skal ikkje vere avgrensa til tal på skjenkeløyve, stengetider og kontroll, men og løfte fram dei gode førebyggande tiltaka som er med på å skape trygge og gode lokalsamfunn.

Fall i dagligvarehandelen trakk omsetningen ned

Omsetningen i detaljhandelsbedriftene falt 0,4 prosent fra mai til juni, ifølge sesongjusterte tall fra SSB. Nedgangen skyldes særlig redusert salg av matvarer.


Det er kommunestyra som bestemmer kor lett tilgang det skal vere til alkohol i eigen kommune, og tilgangen er sjølve nøkkelfaktoren til alkoholkonsumet i eit samfunn. Det betyr at det først og fremst er eit kommunalt ansvar å handheve alkohollova på ein slik måte at målsettinga om 10 prosent reduksjon blir oppnådd. Vi håper dei nyvalde kommunestyra tek dette ansvaret på alvor, og slik er med på å betre folkehelsa og det gode liv for alle.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!