For eit par tiår sidan var AaFK, for å bruke ei underdriving, ikkje det mest populære fotballaget på Sunnmøre. Objektivt sett var det kanskje urettvist, men laget vart gjerne forbunde med hovmod og urban arroganse. Det var Hødd sunnmøringane var stolte av og glade i. Det var i Ulstein fotballaget vårt hadde heimebane.

Me er framleis glade i Hødd, men no er me glade i AaFK også. Klubben har opna seg mot og femnar no om heile Sunnmøre. Det som før vart opplevd som arroganse, er borte. AaFK har vorte heile Sunnmøre sitt fotballansikt.

Viss nye Ålesund no grip den historiske sjansen til å late nynorsk språk og kultur bli ein sjølvsagd del av byen sin identitet, kan det bli ein tilsvarande snuoperasjon. Byen vil i langt større grad bli sunnmøringane sin by. Og det utan at ei einaste byjente eller ein einaste bygut treng om å gi slepp på bokmål som sitt skriftspråk.

Så, gode «ålesundere», «ålesundera» og «ålesundara», grip sjansen. Lær av AaFK.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!