Valet 2019 er unnagjort (innlegget er skrive 12. september). Noko hestehandel i etterkant står att. Dei fleste brikker er på plass. Glede hos sume og vonbrot hos andre. Veljarane har gitt uttrykk for sine synspunkt. Det er to år til neste gong.

Veljarane har klart gitt uttrykk for at ikkje alt er slik dei ønskjer rundt i landet vårt. Reformiveren og sentraliseringspolitikken hos Regjeringspartia og til dels Ap har særleg slått ut i ein kraftig vekst for Sp. Nord-Norge og deler av Sør-Norge har vorte Sp-land med til dels full utteljing i mange landkommunar. Alle regjeringspartia har mista mange veljarar. Vi treng ikkje fundere så mykje på kvifor dette skjer. Mange veljarar er i sum misnøgde og har funne sine alternativ. Venstresida i norsk politikk er styrka trass i at Ap vart den største taparen. Fleire av dei mindre partia har her teke mot veljarar med opne armar. Relativt mange er fanga av enkeltsaker som bompengar og miljø. Fokuset på miljø vil truleg forsterke seg inn i framtida, medan bompengar vert altfor spesielt!

Kommunevalet: Fylket si største og nye kommune Ålesund er velsigna med utruleg mange ulike parti og grupperingar. Positivt eller negativt? Eg ser det som ein viss styrke for demokratiet og folket sine ønskje. Paret Aurdal og Krogsæter er ein spennande leiarduo. 77 representantar å halde styr på. Talet må då vere for høgt – eller? Det står her att å sjå korleis kvardagen vil verte framover. Utfordringane er mange. Spente veljarar vil heilt sikkert følgje godt med! 5 kommunar har vorte til ei der Sandøy og Ørskog har fått god utteljing med 6 og 7 representantar. Skodje har 6 og Haram 17, medan gamle Ålesund har fått 43. Vi som små er, kan takke og vere nøgde. Samarbeid og raustleik kopla med lyttande politikarar i høve veljarane er noko av det som må til for at byggverket nye Ålesund kommune skal kunne tene oss som bur her på ein god måte. Lukke til med byggearbeidet.

Mykje meir kunne ha vore sagt. Eg sluttar av med å gratulere valet sine vinnarar og ønskje alle lukke til med politisk arbeid dei komande fire åra. Til taparane vil eg seie: Friskt mot. Demokratiet vårt treng også dokke!

Lønsfest: Litt om Nytt i veka sitt oppslag om «Lønnsfest i nye Ålesund.». Eg tykkjer det er utrulege tal vi her kan lese. Millionløner til ei rekkje innan toppsjiktet i administrasjonen. Dei fleste får drustelege tillegg i løna – inntil 398.000 i pluss. Vanleg folk reagerer – med rette. Sjølv vil eg kalle det trist lesnad og utruleg gjort av dei som har vedteke desse tala. Takk til avisa som tek fram også denne sida ved samanslåinga!

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!