På Arendalsveka i år deltok eg i ein paneldebatt med tema «Bærekraftig cruise – et fellesansvar for skip og land». Eg vinkla mitt bidrag mot cruise på verdsarvfjordane. Heilt konkret foreslo eg å stenge verdsarvfjordane for dei store skipa (over 500 passasjerar) og krevje omlasting til mindre, full elektrifiserte båtar som smyg seg lydlaust innover langs land.

Eg argumenterte med at teknologien til slike båtar finst og at norske verft ropar etter oppdrag. Med at norske mannskap, norske guidar og norsk mat, t.d. spekemat, laks og jordbær på bordet, ville genere ei verdiskaping som i dag ligg att i skatteparadis i utlandet. I tillegg meiner eg at eit slikt nytt cruiseregime vil løyse mykje av problema med trengsel på land og med utslepp av miljøgifter og klimagassar.

Cruisebonaza

Cruise er ei form for turisme som er ei sterkt vekst. I Sunnmørsposten den 16. mars står det m.a. å lese : «Neste år ventes en eksplosiv økning i cruisetrafikken. Prognosene til Ålesundsregionens havnevesen varsler 234 anløp og 460 tusen passasjerer. Noe som betyr en økning på 28 % i antall cruisepassasjerer frå 2019-2020.» Sunnmørsposten sin journalist stiller sjølv spørsmålet: «om vår lille by tåler trykket»? Journalisten minner samtidig om at «dette handler om mye mer enn parkering og offentlige toalett. Det handler også om å ta hensyn til naturen, miljøet og fastboende».

Tilsvarande vekst i cruisetrafikken vil kome i andre store cruisehamner som t.d. Geiranger og Flåm som begge ligg inne på UNESCO si liste over verdas naturarv. Der har dei selskap av m.a. Grand Canyon, Great Barrier Reef og Galapagos-øyane. Verdsarv er ei knallsterk merkevare som lokkar folk frå heile verda til fjordane våre. På same måte som Barcelona samlar fulle tribunar når dei spelar fotball, er det blitt trengsel for å få sjå det «beste av det beste» av natur og kulturhistorie.

Det er på høg tid å stille spørsmålet: Kor mange er det plass til? Kva er tolegrensa til naturen og til infrastrukturen? Kva er tolegrensa til dei fastbuande som må leve med trafikkaos, forureining, slitasje på naturen og forstyrring av privatlivet? Både i Geiranger og i Flåm er det for lengst fulle hus i juli månad. Snart er det fullt i juni og august og. Dette vil berre fortsette. I dag er 1,4 milliard menneske ute på tur rundt om på kloden. Om 10–20 år kan talet vere det doble. Til Geiranger kjem det kvart år om lag 800.000 turistar. To av tre kjem over land, resten på cruise. Prognosar viser at besøkstalet vil vere 1,5 mil i 2030. Men slik kan det ikkje fortsette! Difor har vi alle eit ansvar for å tenkje nytt. Det er og bakgrunnen for at eg torde å «banna i kyrkja» på Arendalsveka.

Lokalsamfunnet må sette krav

Min spådom er at det vil bli hard konkurranse blant turistsegmenta for å få tilgang til dei mest populære verdsarvfjordane. Når det gjeld cruise, kan det gå i retning av at det vert fastsett ei kvote (antal passasjerar/fartøy) per dag, og at kvoten blir konkurranseutsett og lagt ut på anbod. Korleis ein skal handtere tilstrøyminga på landsida er vanskelegare å sjå. Men fleire og fleire ser at ei form for regulering tvingar seg fram. Når begeret er fullt, melder spørsmålet seg om kven ein skal godblunke til? Er det dei som set minst miljøavtrykk? Er det dei som betaler best for seg? Er det dei som skaper flest arbeidsplassar? Dette er det etter mitt skjønn lokalsamfunnet, vertskapskommunen og næringa sjølv/destinasjonen som i fellesskap må bestemme.

Mange vil hevde at cruise er det segmentet som ligg dårlegast an i konkurransen om destinasjonen sin gunst. Både statistikk og erfaring peikar mot cruise som den minst berekraftige forma for turisme. Den har det m.a. det høgaste energiforbruket og det høgaste utsleppet av CO2 per personkilometer samanlikna med fly, buss og bil. Samtidig er cruisenæringa i direkte konkurranse med landbasert turisme som mange meiner kastar meir av seg. Det er ikkje ein overraskande konklusjon, når ein veit at alle element er inkluderte i cruisepakken. Det einaste som ikkje er med i pakken er fellesgoda. Men dei tek vi oss ikkje betalt for. Slitasjen på naturkapitalen finst heller ikkje i noko reknestykke. Verdsarven har betalt prisen til no!

Brutalt møte

Eit anna problematisk forhold ved cruise er sjølve storleiken på skipa. Dei største er over 360 meter lange, har 18 dekk og rommar 9000 personar. Det er flytande byar som er ei blanding av kjøpesenter og fornøyelsespark. Frå øvste dekk ser du bokstavleg tala ned på fjell- og fjordgardane. Dei same buplassane som vi ser opp til med respekt og ærefrykt! Her er det noko med proporsjonar og kulturar som krasjar. Tidsepokar og forbruksmønster som kolliderer. Her står det moderne forbrukssamfunnet plutseleg ansikt til ansikt med gjenbrukssamfunnet og sirkulærøkonomien sjølv om slike omgrep ikkje fanst i ordlistene til forfedrane våre. Deira mantra var: «set tæring etter næring!»

Monstermaster i ny drakt

Storleiken på fartøya har og ei anna problematisk side. Grunneigarar på dei fråflytta fjell- og fjordgardane får jamt nei når dei søkjer om å få sette opp små tilbygg til eksisterande bygningar eller byggje opp att på gamle murar. Dette fordi lovverket, verneforskriftene og forvaltningsplanen ikkje opnar for slike «lettsindige utskeiingar» som kan forstyrre inntrykket av det spektakulære landskapet. Dette skjer samtidig som monsterskipa – store som små fjell – passerer forbi på utsida. Dei flyttar merksemda vekk ifrå det mektige landskapet og over til dei mektige skipa. Dette skurrar i mine øyrer og auge. Med folkeopprøret mot monstermastene i friskt minne, må det vere lov å spørje om det no ikkje er på tide med eit opprør mot monsterskipa. Til samanlikning har eg fått opplyst at turistbåtane mellom Galapagosøyane maksimalt kan ha 99 passasjerar.

Landstraum og omlasting kan vere svaret

Stortinget har stilt krav om nullutslepp frå ferjer og turistbåtar på verdsarvfjordane f.o.m. 2026. Representantar for cruisenæringa hevdar at dette kravet er umogleg å innfri før tidlegast om 15–20 år. Landstraum og omlasting kan vere svaret på desse utfordringane. Reaksjonen på forslaget frå cruise næringa under Arendalsveka, var at «dette er teknisk muleg, men det blir dyrt». Ei anna utfordringa er å finne anna utnytting av båtane utanfor toppsesongen. Mange andre innvendingar vil og kome, og dei må lyttast til. Somme vil oppfatte dette som eit trugsmål. For andre opnar det seg mulegheiter. Norsk verftsnæring og vasskraftleverandørar har alt signalisert stor interesse. ENOVA er og på glid når det gjeld finansiering av landstraum.

Eg har her tillate meg å stille ein del spørsmål, og så får vi i fellesskap forsøke å finne gode svar. Vil til slutt minne om eit kinesisk ordtak: «Turismen er som ein flamme. Den kan varme ditt måltid, men og brenne ned ditt hus». Fritt omsett til norsk betyr det: Behov for sterkare styring og regulering i turistnæringa!

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Arne Sandnes, ordførar i Norddal kommune. Foto: Terje Engås