Ei regjering som brukte nasjonaldagen 2017 til å kunngjere frigjering av ein norsk drapsmann og leigesoldat i Kongo, men synest det er greitt at norske småungar veks opp til å bli globale terroristar eller rotnar bort i fangeleirar i Nord-Irak.

Alle som har budd i utlandet ei stund, veit noko om kor krevjande det er å orientere seg i ein annan kultur og på eit framandt språk. Men når utgangspunktet er mistillit og fordommar og frykt for det ukjente, er det sjølvsagt lettast å hevde at det ikkje er husrom i Europas rikaste og tynnast befolka land. Om det er «brunbeising» det er snakk om, kan samlivspartnarane i Solbergregjeringa diskutere, og regjeringssjefen ville sikkert ikkje ordlagt seg slik. Og om det er i tråd med norske historiske tradisjonar, til dømes frå mellomkrigstida, kan nok også diskuterast. Men i tråd med arven etter Fridtjof Nansen eller med dei solidariske og humanistiske verdiane som FN og den norske grunnlova i dag bygger på, eller som dei fleste av oss ønsker å bekjenne seg til, er norsk politikk for tida visseleg ikkje.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!