Lesarinnlegg:

«Desperados»

Skal samarbeide: Frå venstre: Innleggsforfattar Tore Johan Øvstebø (KrF), Vebjørn Krogsæter (Sp) og Eva Vinje Aurdal (Ap).  Foto: Staale Wattø

Ytring

Preben Dimmen meiner KrF er ute etter makt og posisjonar framfor politisk gjennomslag. Han er bekymra for korleis det skal gå med sentrum som samarbeider med SV og Rødt. No er det verdt å merke seg at Rødt ikkje kjem til å vere med i den politiske plattforma, men har sagt dei berre vil inngå eit valteknisk samarbeid. Det er mest ryddig for alle partar.


Dessutan trur eg mange vil sjå at KrF får gode politiske gjennomslag dei komande fire åra i den koalisjonen som no er etablert. Vår vurdering var at vi kjem betre ut ved å stå saman med V og Sp, og vidareføre det samarbeidet vi har hatt med Ap, MDG og SV – enn å gi oss i kast med ein utrygg seilas samen med Frp, Ålesundlista og Høgre.

Frp: – Spent på om flertallet klarer å holde sammen

Thorbjørn Fylling (Frp) ønsker Vinje Aurdal og flertallskoalisjonen lykke til, men tror det vil bli flere muligheter til å vippe saker i opposisjonens favør.



De tar makta i Ålesund:

Derfor velger de sju partiene å gå sammen

Sju partier går sammen om makta i Ålesund: Arbeiderpartiet, Miljøpartiet De Grønne, Sosialistisk venstreparti, Kristelig Folkeparti, Venstre, Senterpartiet og Rødt.


Eg meiner Preben Dimmen overser utfordringa Høgre sjølv har med Frp og Ålesundslista, og køyrer seg fast i ei tradisjonell tenking om borgarleg versus sosialistisk. Derfor meiner eg også han kjem til feil konklusjon i si politiske analyse. For det er fleire trekk i det norske politiske landskapet Dimmen synest å oversjå. Lat meg nemne to sentrale trekk: Spenningane mellom Frp og Høgre, samt eit stadig sterkare sentrum.

Den tette symbiosen mellom Høgre og Frp er etter mitt syn i ferd med å slå sprekker - lokalt, regionalt og kanskje også sentralt. Lokalt er dette gamalt nytt. Hausten 2012 innleia eg som gruppeleiar i KrF eit samarbeid med Høgre, der relasjonen mellom H og Frp vart utfordra. Høgre og KrF fremma felles forslag til budsjett og økonomiplan 2013 -2017, men forslaget fall då eit opptrekt FrP stemte for Ap sitt budsjettforslag i staden. Likskapen til det som var i ferd med å skje på fylkesplan er påfallande.

Utfordringane står i kø for Eva Vinje Aurdal:

No skal Ålesund-ordføraren bere staur

Fem gamle kommunar skal bli til ein ny. Og den nye kommunen skal leiast av sju forskjellige parti. Men Eva Vinje Aurdal (Ap) trur det skal gå heilt fint.


Dessutan er det politiske sentrum mykje sterkare i dag enn for 10 år sidan. Og KrF høyrer heime i sentrum meiner eg, gjerne saman med Høgre, men ikkje i tospann med Frp. Det er fire år sidan KrF i Ålesund tvilte seg fram til å velje Ap og SV framfor H og Frp. Sett tilbake meiner vi det var rett val, sjølv om vi også har lidd tap i enkeltsaker. Dersom Høgre skal styre Ålesund i framtida trur eg vegen går via sentrum og ikkje via Frp.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!