Til Odd Østen Hurlen (Smp 13.9.2019) og til dei som finn å sjikanere meg på nett, på gata og i anonyme brev der dei skuldar meg for intoleranse mot bokmål (av ein eller annan grunn ser dei ikkje ironien).

Eg har hatt bokmål som hovudmål mesteparten av livet mitt. Eg er no 64 år. Eg har skrive og redigert to bøker på bokmål, to på nynorsk, ei der eg nytta både nynorsk og bokmål og medverka i ei der eg skreiv artiklar på begge språk.

Eg har skrive hefte om Svaneapoteket på bokmål, laga utstillingar på bokmål og skrive tallause artiklar, flest på bokmål. Eg elskar norsk. Skal ein angripe meg må ein i det minste ha fakta på stell.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!