I eit innlegg på Smp sine debattsider 11. september, peikar leiaren av Undervisningsforbundet i Ålesund, Ina M. Enoksen, på kor viktig det er at elevane skal vere trygge på at når dei stiller til time, møter dei ein lærar som har si formelle utdanning i orden. Ho meiner det er alvorleg at nær 20% av lærarane i nye Ålesund kommune manglar godkjend utdanning. Ingen bør vere usamde i at dette er urovekkjande, og underteikna har jamvel grunn til å tru at den nemnde prosentsatsen er for låg. Veit Enoksen kor mange av hennar medlemmer som underviser i fag der formell utdanning manglar? Det er ikkje alltid enkelt for skuleleiinga å få til eit fagbyte som sikrar alle elevar formelt kvalifisert lærar til kvar time. Det kan sågar skje at eit kollegium manglar kvalifiserte lærarkrefter i eitt eller fleire fag. Utdanningsforbundet har dessverre alltid sett gjennom fingrane med det, og stillteiande akseptert at forbundet sine medlemmer har bidratt til det Enoksen åtvarar mot. Det er sømer seg heller ikkje for eit fagforbund å akseptere at medlemmer på ein skule må spe på med ukvalifisert undervisning for å få fullt årsverk.

Difor gir Enoksen sitt innlegg grunn til optimisme på elevane sine vegne. Vi må gå ut frå at tillitsvalde ved kvar skule ser til at ingen av Utdanningsforbundet sine medlemmer går til time utan å vere formelt kvalifisert i det fag som står på timeplanen. Det vil vere heilt i tråd med eleven sitt krav. Det er på høg tid Utdanningsforbundet tar dette problemet på alvor.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!