Leserinnlegg:

«Trafikkstøy og den gløymde sørsida»

Sørsida: Meningen er at et heleid kommunalt selskap skal utvikle sørsida sammen med private utbyggere.  Foto: Jaja architects

Ytring

For 40 år sidan fekk Ålesund ny innfartsveg. Mot all sunn fornuft blei den lagt på sørsida til stor støyplage for dei som budde langs fjorden frå Nørvasundet til byen. Dei blei lova tiltak mot støyen. Planar er blitt presentert, men ingen ting er gjort. I tida som har gått har både trafikken og støyen auka vesentleg. Etter kvart har vi også fått ein helt ny bydel på Volsdalsberga med ein større idrettshal og fotballstadion. Sjølv om det er kort avstand til sentrum, gjer innfartsvegen at desse kommunikasjonsmessig er avskorne frå byen.

Så har vi fått ”bypakke” i ulike utgåver. Det skal bli fleire både gåande, syklande og bussreisande. Vi skal få ein meir miljøvenleg by, men støyplagene på grunn av biltrafikken er ikkje blitt tema. Slike plager får vi berre leve med berre vi får ein sykkelsti.

Det har vore mykje fokus på den delen av byen si sørside som ligg vest for sentrum, og eit eige utviklingsselskap er på trappen for å ta seg av dette. Men no burde det vere på tide at ein såg på resten av sørsida og dei plagene denne delen av byen blei påført for 40 år sidan når innfartsvegen blei anlagt. Trafikken får ein nok ikkje bort med det første, men noko kan ei no gjere.

Ein kan til dømes starte med å sette ned fartsgrensa til 50 km/t frå Nørvevika til byen og gjere denne delen av innfartsvegen om til ei forlenging av Sjøgata med fortau og sykkelveg. I følgje Vegvesenet sine tal vil dette kunne halvere trafikkstøyen på strekninga. Dette vil også føre til at busetnaden på Volsdalsberga blir ein integrert del av byen, og dei som bur i byen få lettare tilgang til friområda på Volsdalsberga.

Så kan bussen mellom Moa og Ålesund køyre innfartsvegen frå Nørvevika til byen i staden for Borgundvegen, med busstopp ved Kiwi i Nørvegata og på innfartsvegen utanfor stadion. Det vil avlaste trafikken gjennom den sentrale strekninga av Borgundevegen. Passasjerar på denne strekninga som skal til Moa kan bytte buss t.d. på NTU.

Dette vil vere tiltak i samsvar med intensjonane med ein ”bypakke” ved å skape ein meir miljøvennleg by. I tillegg til reduksjon av trafikkstøyen vil det gi betre busstilbod for dei som bor både på Volsdalsberga og i Nørevegata. For å kome seg til stadion og storhallen kan ein nytte vanleg kollektivtilbod så ein slepp trafikkaoset i Sjømannsveien under fotballkampar og ulike arrangement. Når ein no skal sjå på ”bypakken” på nytt bør både trafikkstøy situasjonen på denne delen av sørsida bli eit tema.

Desse tiltaka er rimelege, og treng ikkje stå i vegen for meir omfattande og kostbare tiltak seinare, t.d. lokk over deler av innfartsvegen som har vore lansert.


-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!