Representantar frå både Stordal og Norddal kommunar har i lang tid arbeidd med å skape ei felles intensjonsavtale for Fjord kommune.

Intensjonsavtalen som er ei overordna strategisk skisse til bygging av den nye kommunen, vart underteikna av ordførarane Eva Hove og Arne Sandnes 13. desember 2016 med fylkesmannen til stades.

Ordførarane anbefalte kommunestyra å vedta den.

Dei to kommunestyra behandla intensjonsavtalen tidleg i 2017; Vedtaka var samrøystes.

Etter kommunevalet 2019 har vi fått vite at eit fleirtal av dei nye kommunestyrerepresentantane vil gjere om på avtalen når det gjeld plassering av helsetenesta og administrasjonen.

Vi ønskjer svar på korleis helsetenesta og administrasjonen skal organiserast og plasserast i Fjord kommune.

Elles er vi uroa for at dette er byrjinga på fleire endringar.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!