Kjære, trufaste plastsorterar,

vi forstår godt at du funderar

på kvar rømmebegeret ditt reiser hen,

når du har sagt farvel til plastsekken.

Plastemballasje er eit lite poetisk ord,

men laga av ein viktig ressurs frå vår jord.

Når vi resirkulerer ketsjupflaska vår,

kjem oljen til nytte i mange fleire år.

Men du har høyrt rykte om ein lagnad så røff,

du fryktar kanskje at alt er ein bløff?

At sjampoflaska di no forsøplar ei asiatisk strand,

medan det helst skulle vere du som var i eit varmare land.

Kina har lenge teke imot plast frå land lenger vest,

men no har dei sagt «lag dykkar eigen plastfest».

Din eigen plast har berre europeisk billett,

der blir han gjenvunnen, men det er ikkje alltid lett.

For kvaliteten varierer, alt er ikkje beste sort,

for å få ei god råvare må noko sorterast bort.

Men du skal vite at det framleis nyttar,

Og vi håpar at du til oss lyttar:

To kilo olje sparer vi på kvar kilo gjenvunnen plast,

Det er råvarer spart på kvar einaste last.

Men systemet kan bli betre, det er vi ærlege på,

For å utvikle oss vidare, må vi framleis plasten din få.

Heldigvis kan reisevegen snart bli endå kortare,

og plasten dermed få nytt liv endå fortare.

I Kristiansund er ein ny gjenvinningsfabrikk snart oppe og går, så plasten din får kanskje ein kortreist nordmørstur i vår?

Men den jomfrueleg plasten er framleis meir populær,

enn den som allereie har vore andre nær.

Vi må derfor endre både haldningar og teknologi,

slik at livet som gjenbrukt får større verdi.

Jordkloden er det berre ein av, så vidt vi veit,

Å bruke den fornuftig kan derfor vere greit.

Ein flammande lagnad på Grautneset er ikkje den beste,

for å utnytte ressursane godt for oss og vår neste.

Takk, kjære Per, for at du tek spørsmåla opp,

det er viktig for å halde sorteringsmotivasjonen på topp.

Ta gjerne kontakt om du ikkje svar på alt fikk,

Vi tek gjerne ein prat om både plast og lyrikk.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!