Eg let meg rimeleg lett engasjere, det vere seg språk, skule, politiske spørsmål eller samfunnsspørsmål generelt. Avisoverskrift sist veke: «Folkevalde er fritt vilt på nettet!»

Kanskje dette er ein del av årsaka til at politikarar til tider kjenner seg både mobba og fritt vilt spesielt på nettet – jf. avisoppslag siste dagane. Politikarane må sjølvsagt tåle kritikk og sakleg usemje. Dette skal vere ein del av demokratiet vårt. Vi nærmar oss no ei viktig ikkjeoverskridande grense, der vi dagleg merkar oss døme på at den saklege tonen er vekk og ordbruk og innhald går over til hets, mobbing og svært ufin omtale. Til tider finn vi også at sterke truslar vert framsette overfor folkevalde.

Sosiale media er rett brukt gode og nyttige media for oss alle. Men medaljen har si bakside. Sosiale media kan misbrukast, ofte til uboteleg skade for enkeltpersonar eller grupper av personar. Mange av våre folkevalde kan vise til at dette har skjedd. Dei utsette har då ikkje så mange valg: Kutte politisk arbeid og tre inn i rekkja av dei som vender ryggen til denne typen arbeid? Gje blaffen og finne seg i at dette må vi leve med? Det kan kanskje gå for ein kortare periode. Ta opp kampen, stå opp og gje klare signal til alle i samfunnet vårt: Slike tilstander vil vi ikkje ha. Gjennom samarbeid skal vi kjempe mot! Både du og eg kan starte i dag. Det kan også fleire av våre fremste politikarar ta del i!

Vi skal dessutan vere merksam på at akseptert mobbing, truslar og personnedsnakking mellom den vaksne del av befolkninga raskt vert teke etter av barn og ungdom. Dette er ugras som svært lett kan vekse og kvele hovudvekstane i åkeren vår.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!