Lesarinnlegg:

«Skal nye Ålesund tape for Bergen?»

Ytring

Nynorsk eller norsk som det eigentleg bør heite. No som Ålesund kommune har fått med seg fleire nynorsk kommunar i storkommunen, bør det haldast fast på den signerte intensjonsavtalen om nynorsk som skriftspråk i kommunen. Nye Ålesund må stå ved denne avtalen og ikkje vingle.

Vi veit at nynorsk er ein viktig del av den Sunnmørske identiteten. Det er ei klar overvekt for dei som vil ha nynorsk som administrasjonsspråk. I bystyret i Bergen er det stort fleirtal for nynorsk som skriftspråk.

Sunnmøre høyrer til Vestlandet og Ålesund Kommune må ikkje kome i den situasjon at vi taper for Bergen i kampen om å være nynorskhovudstad for heile Vestlandet. Den kampen har vi gode føresetnader for å vinne.

Nye Ålesund kommune må bruke tida og få på plass nynorsk snarast råd og bli Norges største nynorskkommune. Det er naturleg at nynorskhovudstaden for Vestlandet er Ålesund. Ålesund er regionsenteret for Sunnmøre.

Møre og Romsdal fylkeskommune har nynorsk som administrasjonsspråk og det same har Helse Møre og Romsdal, samt Destinasjonsselskapet for Ålesund og Sunnmøre. Sunnmøre er eit nynorsk kjerneområde der nynorsken lever i beste velgåande.

Nye Ålesund må være raus og forstå omlandet sitt. By og land må gå hand i hand. Vi veit at alle kommunane på Sunnmøre, utanom Ålesund, har nynorsk som administrasjonsspråk. Det fungerar godt for alle dei kommunane, så kvifor skal det då være så vanskeleg for bokmålsbrukarar om nye Ålesund kommune vel nynorsk. Forstå det den som kan.

Det er tvert imot heilt naturleg med nynorsk her på Sunnmøre. Vi må sjå på nynorsk som ein ressurs og ikkje som ein trussel. Nynorsk er ein sterk del av sunnmøringen og vestlendingen sin identitet. Nye Ålesund kommune har eit kulturelt og språkleg ansvar for å ta våre på nynorsken.

Det må stå sentralt at vi bør byggje ein felles identitet som nye Ålesund kommune og vår region treng for å lykkast i framtida.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!