«Miljøvennleg?»

Største til nå: I 2013 landet det en Boeing 767 på Vigra med charterpassasjerer. Flyet tok av tomt. Enkelte jobber for ruter med store charterfly fra USA til Vigra, fylt med laks tilbake. Naturvernere kan styre sin begeistring.   Foto: Staale Wattø

Ytring

I det siste har vi høyrt litt om eit miljøprosjekt i Aure. Dei kallar seg Salfjord og driv i laksebransjen.

Ganske fort fekk vi eit behov for å sjå på kor miljøvennleg dette prosjektet er. Kan det vere slik eigar gjev uttrykk for, eller er det grønmåling og ran? Verksemda seier dei skal ale opp ekstra stor laks for den kinesiske marknaden. Alt no skurrar det kraftig. Det tyder at laksen skal reise med fly.

At det skal lagast flystripe i Aure står det ikkje noko om i prosjektet, så då skal nok denne fisken også køyrast med vogntog ein bit først. Å sende norsk fisk med fly til Kina er ikkje og kan ikkje bli miljøvennleg. Å krydre prosjektet med å tale om kortreist kraft liknar då på grønmåling av prosjektet. Denne laksen skal vekse seg ekstra stor og sunn ved hjelp av fornybar straum som kan drive pumpene og varme vatnet. Viss ein legg til grunn eit slikt straumforbruk for heile fiskeoppdrettsverksemda i Noreg for å løyse sjukdomsproblematikken i oppdrettsverksemda, talar vi om eit straumforbruk ikkje så langt unna halve forbruket til heile Noreg i dag.

Det let seg sjølvsagt gjere å lage så mykje straum. Då vil vi i så fall alle anten produsere straum, bygge kraftliner, drette opp fisk eller fly til Kina.


Hofseth vil bygge nytt oppdrettsanlegg i Storfjorden

Hofseth Aqua søker Sykkylven kommune om å få etablere eit fiskeoppdrettsanlegg ved Bugane, aust for Ramstadvika.

Å tale om berekraftig industri når dette er basisen, det tømmer ordet berekraft for innhald. Skal fiskeoppdrett bli berekraftig, må produksjonen reduserast til ein fjerdedel, i tillegg til at andre tiltak blir gjort. Utsleppa av organisk avfall skal reduserast og det som blir gjenvunne skal nyttast som ein ressurs i sirkulærøkonomi.

Bonusorda kjem tett, men like fullt vil nærare 1/3 av ureininga hamne i sjøen. 1/3 av ganske mykje er framleis mykje – ein bonde ville vel neppe få lov å tippe eit lastebillass med møkk i sjøen kvar dag. I Aure veit dei råd for å skaffe straumen. Det er rett nok ikkje kraftliner til å transportere nok straum, men dei ser for seg å bruke straumen som blir laga i vindturbinane på Skardsøya.


Det er berre nokre haker ved det prosjektet. Njordr som vil bygge vindturbinar på Skardsøya seier det er for å berge oss frå den store klimakatastrofen. Men det er umogleg å bruke straumen til både å unngå klimakatastrofen og levere til oppdrettsanlegget. Viss det ikkje er så at fiskeoppdrettet er årsaka til klimakatastrofen?

Sidan klimaproblemet vårt grunnleggande skuldast vårt altfor høge forbruk, vil vi aldri kunne produsere oss ut av klimaproblemet. Vindkraftanlegg på Skardsøya vil ikkje løyse nokon ting. Salfjord, prosjektet dykkar er moglegvis eit industrieventyr, men berekraftig, kortreist og positivt for miljøet, det er ikkje dette prosjektet.

Dei som bruker slike ord for å grønmåle prosjekt som har dårlege miljøkvalitetar, dei tar frå oss alle ord og uttrykk som skal brukast om noko heilt anna.

Det er vel nærast tjuveri og ran. Eg har ikkje sett at Salfjord har nemnt prosjektet sitt som miljøvennleg, men dei har gjort alt for at dei som høyrer om det skal tenkje at det er slik.

Viss dette er miljøvennleg produksjon, då vil eg rå alle til å slutte med å vere miljøvennlege.

Gå på tur, fyr med ved, et grønsaker, kva som helst, berre ikkje ver miljøvennleg.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!