Avisa har tydlegvis ikkje fått med seg at der ein har prøvd erstatte stabil kol-olje-, gass, eller atomkraft med utstabil og dyr vindturbinkraft, har det ikkje fungert. I november 2018 heldt australske Joanne Nova eit føredrag i Oslo om korleis det gjekk då landet hennar, som fram til 2005 hadde basert seg på energi frå vasskraft og kol, innførde sol- og vindturbin som energikjelder.

Ingen politikarar eller pressefolk møtte fram til foredraget. Av dei cirka 60 frammøtte var der mange ingeniørar, slike som forstår seg på teknologi og realfag.

I kortform, kunne ho fortelje, vil innføring av vind- og solkraft i eit velfungerande kraftnett (som det norske) føre til:

  • Straumprisen vert dobbel til tredobbel

  • Kraftnettet vert ustabilt

  • Næringslivet vil slite fordi all straum vert dyrare

  • Alle varer og tenester vert dyrare for forbrukarane.

  • Kraftmangel og styrte straumutkoblingar vert vanlige.

  • CO2-utslepp og trong for kol held fram som før

  • Sal av dieselgeneratorar og backupløysingar aukar.

  • Den økonomiske utviklinga bremsar opp/stansar.

  • Kraftkrevande industri flaggar ut til land med lågare prisar og meir stabilitet. -vindturbinindustrien vert avhengig av subsidiar.

  • Nye arbeidsplassar kjem i lågkostland som Kina.

  • Andre kraftprodusentar sluttar å investere.

  • Energifattigdom oppstår hos dei med låg inntekt.(eks. i Tyskland vart i 2017 344.000 husholdningar fråkobla, året før 330.000 grunna manglande bet. til kraftleverandøren) -vedlikehaldsutgiftene for kraftnettet skyt i taket.

  • Nokre forbrukarar får litt rimlegare straum enn andre på dagtid. Konklusjon: sol- og vindkraft fungerer ikkje.

I Norge har fysikar Stein Bergsmark (2016) kome til følgjande: Å bygge vindkraft her i landet kostar minst 3 gongar så mykje som å bygge ut vasskraft og har berre 1/3-del av levetida.

Å bygge vindturbinar til havs kostar 4-5 gongar så mykje. Konklusjonen er grei: Å bygge ut vindkraft i Norge er ei gedigen feilsatsing. At Nord-Trøndelag E-verk i 2012 måtte vedgå at dei hadde tapt 500 millionar på vindsatsinga si frå 2003 og at Midtfjellet Vindpark AS i 2014 melde om eit underskot på 240 millionar før skatt, støttar denne oppfatniinga.

Kanskje hadde leiinga i Stakraft dette i tankane då dei i mars dette året kunngjorde at dei ikkje ville satse på vidare utbygging av vindkraft i Norge etter at dei 3 områda dei har fått konsesjon på, er ferdig utbygde.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!