Klimaendringane er den største trusselen mot biologisk mangfald og derfor støtter Royal Society for the Protection of Birds (RSPB) ein betydeleg vekst i vindkraft på land og til havs i Storbritannia og Nord-Irland.

Sunnmørsposten sin journalist refererer dette som om det er det store beviset for at det er heilt greitt å bygge vindkraft på Haramsfjellet i sin reportasje om NOF sin anke av MTA plan for Haram Vindkraftverk.

Kva belegg har Sunnmørposten for å ta den britiske organisasjonen til inntekt for å legimitere utbygginga på Haramsøya? Har han presentert Haram Vindkraftverk for RSPB og fått deira uttale til den konkrete plasseringa? Plassering er nemleg alfa og omega, både når det gjeld fugl og folk.

Haramsfjellet er kanskje eitt av dei best døma på eit sånt fjell som miljødirektoratet krev at NVE skal unngå fordi det er brukt av mange fuglar, og fordi vindmøller her langs kantane vil fungere som ei felle for fugl.

Eit lite øysamfunnet med unik natur og landskapsverdiar og stort folketal. Imot folket, kommunen og fylket sin vilje. Det er ein type maktbruk som eg trudde vi berre hadde i land vi ikkje liker å samanlikne oss med.

Særleg ille blir det når det er eit prinsipp at forvaltningsvedtak skal skje på oppdatert kunnskap, jamfør det som er skrive om fugl ovanfor. Er det rart det blir bråk?

Fylkesmannen og KMD er sett på sidelinja i ankespørsmålet. Har OED fagleg kompetanse på natur og miljø? Er det greitt at det departementet som NVE er under skal vurdere anken åleine?

Vi vil vere med å diskutere og få framlagt alternativa for samfunnsutvikling og klimatiltak, og ikkje få «løysinga» ferdig presentert av konsesjonsmeklarar i vindkraftbransjen, som har som mål å tene enorme pengar på å selje små samfunn sine landskap og verdiar til utanlandske kapitalinteresser.

Vi kan ikkje ha det slik i Norge, for då øydelegg vi den viktigaste verdien vår, tilliten til at lover og regler skal gjelde likt for alle.

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til debatt@smp.no