Ungdomspanelet i Møre og Romsdal har i denne perioden eit satsingsområde som omfattar temaet «Helse og rus».

Handlingsprogrammet er utarbeidd av representantar frå alle kommunar under Ungdommens Fylkesting i fjor haust.

Ungdommane sa tydeleg frå at vi treng å rette søkelyset på ruspolitikk- og problematikk i fylket.

Ungdomspanelet tar ungdommane på alvor. Derfor har vi oppretta dialog med Kompetansesenteret for rus Midt-Norge (KORUS), for å utveksla erfaringar og kome med innspel på situasjonen i fylket vårt. I tillegg speler vi ballen mellom oss, og ser kvar vi kan bruke kvarandre som ressursar for å skape dei beste føresetnadane for ungdom i fylket.

KORUS gjennomfører jamleg ei undersøking som ser på ulike forhold blant ungdommar.

Ungdata-undersøkinga dannar mellom anna eit bilete over rusbruk blant unge, og korleis ungdommane held seg til rus.

I dei ferskaste datainnhentingane kan vi finne følgande trekk:

  • Delen unge i Møre og Romsdal som ikkje rusar seg på alkohol, har gått ned.

  • Ein større prosentdel meiner at det å ruse seg på alkohol gir auka status i vennemiljøet. Det skjer ei auking i prosentdel unge som rusar seg på alkohol, særleg frå niande til tiande årstrinn og vidare oppover.

  • Det er markante regionale forskjellar når det gjeld delen unge som rusar seg.

  • Langing frå venner er eit tydeleg fenomen.

  • Av eit mindre utval elevar svarer 25 prosent av ungdomsskuleelevane og 45 prosent av elevane i vidaregåande opplæring at dei har blitt direkte oppmoda av andre unge til å drikke.

  • Unge som rusar seg ofte på alkohol, har større sjanse for å ruse seg på hasj eller marihuana enn dei som sjeldan eller aldri rusar seg.

  • Unge i fylket gir desse grunnane til å la vere å drikke: at dei ikkje er interesserte, at det er skadeleg, at det skapar problem for folk, og at foreldre ikkje tillèt det.

Statistikken viser altså at det er ei auke i delen unge som rusar seg, særleg på alkohol. I tillegg er det ein auke i ungdom som meiner at det å ruse seg skaper status. Ein slik trend ser vi i Ungdomspanelet på med kritiske blikk. Utviklinga går ikkje i riktig retning, og derfor må vi jobbe for ein betre ruspolitikk for ungdom i samråd med politikarar og andre ressurspersonar.

Ein av dei heftig debatterte problemstillingane er korleis vi kan nå ut til ungdom og formidle vårt bodskap.

Det er essensielt å nå ungdom på eit tidleg tidspunkt.

Det nyttar ikkje å sitje høgt oppe hos politikarar og klage over kor elendig dagens generasjon er. Ein bør heller arbeide på eit lokalt nivå. Då kan ein nå målgruppa direkte, ved å mellom anna ta kontakt med ungdomsråda, som er ein uvurderleg ressurs.

Ungdomsråda gjer ein fantastisk jobb, likevel klarer dei ikkje å dra lasset helt aleine.

Heilt alminnelege vaksne, for eksempel foreldre og føresette og andre med tilknyting til ungdommar, må også bidra for å spreie kunnskap.

Eit anna aspekt i denne saka, er at kommunane må legge til rette for eit miljø som støttar ungdommane.

Eit eksempel er lågterskeltilbod, der ungdom har moglegheit til å møtast heilt utan at det vert stilt nokon krav eller forventingar. Slike tilbod har mange gode verknadar på ruspolitikken, blant anna fordi det skaper ein alternativ møteplass. Det er også viktig å føye til at slike tilbod har andre ringverknadar, til dømes at fleire blir inkludert i lokalsamfunnet og ikkje fell utanfor. Utanforskap kan ha mange negative konsekvensar, så dette er utelukkande positivt.

Frivillig sektor kan også komme på bana for å betre dette problemet. Blant anna kan dei utarbeide skriftlege retningslinjer for trivsel og tryggleik, der rusmiddelførebyggande arbeid er inkludert.

I fylket har vi i utgangspunktet eit godt verktøy som kan vere ideelt i slike tilfelle. Det er nemleg utarbeida ein «rusplan», som inkluderer mykje god informasjon om rus og korleis ein skal handtere situasjonar der rus er innblanda.

Dessverre blir ikkje rusplanen brukt slik intensjonen var. Tidlegare var den godt synleg plassert på alle vidaregåande skular i fylket, men slik er ikkje stoda i store delar av fylket per dags dato. Dette må vi endre på!

Igjen, det er så utruleg viktig å nå ungdom der dei er. Vi foreslår derfor å etablere ein praksis som er felles for alle skular, der det er klare føresetnader for korleis ein kan bruke rusplanen. Ved å følge ein oppdatert rusplan, får ungdommane den stabile grunnmuren dei fortener.

Det vi seier er altså: det er ekstremt viktig å la ungdommen bli høyrt i saker som gjeld dei. På denne måten kan vi skape endringar på ungdommane sine premissar. Ja, det er viktig å skape ein god ruspolitikk som set lys på dei utfordringane som finst, men det er også viktig å ha ein politikk som speglar røynda. Rus er ein vrien sak, med mange perspektiv som må vegast mot kvarandre. Resultata av Ungdata-undersøkinga viser at det er ein negativ trend innanfor rus, og det er viktig at ikkje berre ungdomspanelet, men også fylkeskommunen rettar søkelyset på dette i år!

Ungdom er framtida. Det er derfor klokt at vaksne høyrer på oss no, slik at dei saman med oss kan skape gode og trygge rammer vi kan utvikle oss i.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!