Arnstein Hjelle, medlem av Norsk Lektorlag, skriv i sitt innlegg i Sunnmørsposten, 28.september at Utdanningsforbundet ser mellom fingrane med at undervisning blir gitt av ukvalifiserte lærarar. Hjelle viser ikkje til noko form for dokumentasjon i dei påstandane han set fram. Vi finn det naudsynt å kome med ein korreksjon på det bilete han teiknar av vår organisasjon. Utdanningsforbundet jobbar systematisk og målretta for å gi alle elevar rett til ein kvalifisert lærar og for at bruken av ukvalifiserte «lærarar» utan godkjent utdanning ikkje skal brukast til undervisning. Det er skilnad på fagkrava i det 13-årige løpet, men like fullt er det spesifiserte krav for å kunne undervise både i grunnskulen og i vidaregåande opplæring.

Lærarar som har teke lærarutdanning, enten etter gamal modell eller grunnskuleutdanning, GLU 1-7 trinn, GLU 5-10 trinn har ulik tilsettingskompetanse i skulen. Ein med GLU 5 – 10 har ikkje formell kompetanse til å undervise i småskulen, om vedkommande er aldri så god i faga sine. Det grunnleggande er pedagogikken som er hjørnesteinen i lærarutdanninga. Pedagogikk er formidlingskunst, og må ligge i botnen for at elevane skal få eit læringsutbytte og tilpassa sitt nivå.

Det som er styrken i småskulen er at lærarane ofte har breiddekompetanse framfor spisskompetanse i eit emne. Kompetansekrava i norsk, matematikk og engelsk i barneskulen og ungdomsskulen har Utdanningsforbundet støtta.

Ein må sjå på fordelar og ulemper ved det å ha strenge fagkrav i alle fag på småskulen. Dette vil medføre at elevar på dei lågaste trinna får timelærarar slik ein kjenner det frå ungdomsskulen og vidaregåande skule. Forskinga viser at relasjon mellom lærar og elev er ein av dei viktigaste faktorane for læring. Elevar i småskulen treng ikkje stor rullering av timelærarar, men få vaksne som ser heilskapen i klassa og det einskilde barnet. Vidare vil ein sjå føre seg at små skular ikkje vil ha nok tilsette for å kunne gi undervisning til alle elevar, om det blir for store fagkrav i kvart einskild fag.

Kompetanseomgrepet er mykje meir enn berre kunnskap i eit fag. Udir skriv på sine sider følgande om kompetanseomgrepet:

Fordi mange oppgåver eller situasjonar er komplekse, er kompetanse noko meir enn éin dugleik eller éin kunnskap. Ofte må kunnskap og dugleik kombinerast og brukas saman. Kompetansemåla i læreplanane vil derfor ofte bestå av både kunnskap og dugleik som til saman utgjer kompetansen.

Sagt på ein anna måte, det er vel så mykje snakk om at elevane må lære å sjå ein større heilskap, sjå tverrfagleg, lærer korleis ein kan lære for å løyse oppgåver og ulike utfordringar. Lærarrolla har endra seg frå å vere «ein som kan alt», til å vere ein pedagogisk tilretteleggar og rettleiar saman med elevane. Dette vil krevje stor omstilling av opplæringa i heile det 13-årige løpet. Fagfornyinga vil stille store krav til endringar på dette feltet. Dagens kompetansekrav er gode nok for å få tilsetting og drive undervisning i skuleverket. Men skuleeigar kan bli langt meir offensiv for å sørge for vidareutdanning til lærarar gjennom heile yrkeslivet i alle fag. Kunnskapen er ikkje statisk, men endrar seg og lærarar må derfor få ein rett til vidareutdanning. Utdanningsforbundet jobbar for at lærarar skal ha høg og relevant kompetanse slik at elevane får best mogleg læringsutbytte og eit godt og trygt skulemiljø.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!