Maktpersonar av ymse slag, både politikarar og fagpersonar, gjer anten narr av Greta eller forsøker å «verne» henne mot seg sjølv. Kva i alle dagar er det som gjer at ei 16-årig svensk jente får denne merksemda?

Jau, inst inne forstår vi alle kva som står på spel. Dei som er samde med Greta trykkjer henne til sitt bryst. Dei som ikkje vil eller klarer å ta inn over seg den alvorlege situasjonen Jorda står overfor projiserer i staden for si frykt over på omsynet for eller hatet til eit 16 år gammalt barn. Er dette ei litt forenkla tolking? Ikkje så mykje, trur eg.

Kven har rett, klimafornektarane eller dei som framhevar CO₂ som ein stor klimatrugsel? Kanskje dei som ser det heile i eit lenger perspektiv, og som meiner at det heile skuldast naturlege svingingar? Men kvifor er det ikkje fleire som innser at jamvel om det er Sola og Jorda med sine vinklar og baner som skaper istider og varmeperiodar, så er vi i dag i den situasjonen at vi, etter den industrielle revolusjonen, har skapt så mykje forureinande utslepp til atmosfæren, at vi bør stoppe med dette for ikkje å setje klimaet og livsvilkåra for menneska på Jorda i fare?

Skal vi ta sjansen på at det ikkje finst noko «tipping point» som gjer at om vi kjem forbi dette punktet, så vil temperaturauken på Jorda akselerere? Skal vi berre fortsetje med å forgifte luftlaget rundt Jorda vår, den einaste vi har?

Eller er det inga forgifting? CO₂-nivået har då vore høgre tidlegare? Skal vi ta sjansen på at Jorda ordnar opp sjølv, eller treng ho no litt hjelp av «Jordas herskar», klimafornektarar og syklustilhengjarar? Eller kan vi bli samde om at, same kva «leir» vi lenar oss mot, så er det livsviktig å stogge dei raske og ukontrollerte utsleppa til vår vernande og livsviktige atmosfære? Det er lov å ha to tankar i hovudet samstundes.

Du hugsar vel drivgassane i sprayboksar som heldt på å øydeleggje ozonlaget rundt Jorda? Det laget som vernar oss mot den farlege strålinga frå Sola. Ved å stogge produksjonen av slike KFK-gassar klarte vi å berge ozonlaget. Det er når vi grip inn i naturen på denne måten, og endrar den hårfine og særdeles komplekse balansen som alt liv er så avhengig av, at vi set oss sjølve i fare. Når skal vi lære det? Kanskje det er dette Greta har sett?

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!