I eit innlegg i Sunnmørsposten 28. september hevda underteikna at Undervisningsforbundet ikkje har vore så nøgne med om medlemmer har formell kompetanse i alle fag dei underviser i. I Sunnmørsposten 7. oktober etterlyser leiar og nestleiar av Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal dokumentasjon for denne påstanden. Til det er å seie at underteikna melde seg ut av Utdanningsforbundet nettopp fordi organisasjonen ikkje viste interesse for problemet. Dersom Brattli og Moe går i arkivet, vil dei kanskje finne både mine innvendingar, krav til forbundet, svaret eg fekk, og mi utmelding. Eg melde meg sjølvsagt ut basert på fakta. Ein ting var alle medlemmer som underviste utan godkjend utdanning, men det har nok vore mange elevar som har gått opp til munnleg eksamen, der enten eksaminator eller sensor mangla formell kompetanse. Eg trur ikkje det bør vere nødvendig å vere meir konkret med omsyn til dokumentasjon.

Brattli og Moe legg mykje vekt på tilhøva i småskulen, men det er ikkje dit min kritikk først og fremst er retta. Mitt fokus er i hovudsak ungdomssteget, og vidaregåande skule, der krava til formell fagkompetanse er tydelegare. Eg er overtydd om at leiinga i Utdanningsforbundet både lokalt og sentralt er pinleg klar over at mine påstandar stemmer i altfor stor grad. Om det er alvorlege innhogg i medlemsstokken som er til hinder for å ekskludere medlemmer som fuskar i faget, skal vere usagt, men når Utdanningsforbundet understrekar at alle elevar har krav på lærarar som har si formelle utdanning i orden, bør ein kunne forventa at organisasjonen syter for samsvar mellom liv og lære.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!