To av dei seks nasjonale folkeavstemmingane i Noreg har dreidd seg om alkohol. 5.–6. oktober 2019 var det 100 år sidan den første avstemminga om brennevinsforbod. I oktober 1919 vart det stort fleirtal for at landet skulle halde fram med det brennevinsforbodet som var innført som eit tiltak for å sikre matforsyninga i landet under 1. verdskrigen. Poteter og korn skulle brukast til mat, ikkje til alkohol. I 14 av fylka var det fleirtal for å halde fram med brennevinsforbodet, og i fylket vårt heile 88 prosent fleirtal. Nasjonalt var fleirtalet på 61,5 prosent.

I 1926 vart det ny folkeavstemming. Stemninga i landet hadde då snudd, slik at 55,7 prosent ønskte å oppheve forbodet. Men i vårt fylke var fleirtalet for forbod framleis stort, på heile 77,2 prosent. Oppslutninga om forbodet var større på landet enn i byane, det var størst på Sunnmøre, men i alle kommunane i fylket var det fleirtal for brennevinsforbod, med unntak av Kristiansund, Tustna, Edøy og Hopen på Nordmøre. I heile 11 av fylka i landet var det framleis fleirtal for brennevinsforbod.

Det var dei største byane og det sentrale Austlandsområdet som danna det nye fleirtalet for brennevinssal. I tillegg verka det nok også inn at Frankrike, Spania og Portugal truga med ikkje å kjøpe klippfisk og tørrfisk frå landet vårt dersom dei ikkje fekk eksportere vin hit. For å handtere denne situasjonen, var Vinmonopolet oppretta i 1922, og sterkvinsforbodet var oppheva i 1923. Dei som ville oppheve brennevinsforbodet, hadde og sterk støtte frå mange av dei største riksavisene, med Aftenposten, Morgenbladet og Tidens Tegn i spissen. Debatten var hard både om dei sosiale og økonomiske verknadene av forbodet, og om smugling og heimebrenning. Det var sterke sosiale motsetningar og ein sentrum-periferi-dimensjon i debatten om brennevinsforbodet. Men i vårt fylke var det store fleirtal til støtte for brennevinsforbodet, både i 1919 og i 1926.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!